Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Skriv essay om kropp i tekst

Menneskekroppen er skildra i alle moglege sjangrar og medium. Du les om kropp i aviser og bloggar, og du møter bilete av kropp overalt.

Vis kunnskap

Eit godt essay krev at du har kunnskap om emnet du skriv om, slik at du kan trekke inn ulike meiningar og perspektiv. Du skal òg reflektere over andre sine og eigne synspunkt. I essayet ditt er det forventa at du siterer og refererer andre tekstar som klargjer og støttar momenta du har med.

Oppgåve

Skriv eit essay der du reflekterer over kva for nokre, kven sine og på kva måte kroppar er representerte i tekstar. Kva slags kroppar møter vi, korleis blir dei framstilte, og kva haldningar speglar dette?

Tips til tekstar om og med kropp i fokus

Les, lytt til og sjå tekstar som på ulike måtar tematiserer kropp. Samarbeid gjerne med andre: Del tekstane mellom dykk og noter ned stikkord, gode poeng og sitat de kan bruke i essayet. NB! Hugs å notere ned kvar du hentar kva frå, slik at du kan føre kjelda korrekt i ei kjeldeliste.

Tekstar om temaet

Les!

Lytt!

Sjå!

Representasjon er viktig

Det perfekte menneske

chrisrygh instagramkonto

Hvor er kropper som min?

Carina Elisabeth Carlsen: Kroppspositivist

mort1rulle instagramkonto

Slik kan du få sommerkroppen på bare fire uker

Kroppen som sosiokulturelt fenomen

teddy.milkshake instagramkonto

Med fokus på kroppen

danaemercer instagramkonto

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 15.09.2026