Samspel i samansette tekstar

Komposisjon (layout)
Måten ein tekst er sett saman på, blir kalla komposisjon. Komposisjonen hjelper lesaren å sjå kva som høyrer saman, og kva som er viktig.
På ei avisside kan til dømes plassering og storleik fortelje oss kva som er hovudsaka. Store overskrifter og bilete fangar merksemda først, mens mindre saker får mindre plass.
Tenk over
Kva legg du først merke til på avissida øvst?
Kva er det som styrer blikket ditt dit?
Legg medelevane dine merke til det same, trur du? Kva kan påverke dette?
Rytme
Ordet rytme knyter du kanskje til musikk? Når vi snakkar om rytme i samansette tekstar, handlar det om korleis ulike element blir gjentekne og varierte for å skape flyt og samanheng.
Ikkje alle tekstar kan presenterast slik at vi får oversikt over heilskapen med ein gong. Bøker må vi til dømes bla oss gjennom. Og også i foredrag, filmar eller songar får vi presentert innhaldet litt etter litt.
For at vi skal oppleve slike tekstar som samanhengande, må det vere element som blir gjentekne, og som skaper ein slags raud tråd gjennom teksten.
Eit døme: læreboka
I lærebøker blir rytme skapt når tekst og bilete byter på å ha merksemda. Når fargane og forma er like, ser vi at sidene høyrer saman.
Samtidig er det viktig å unngå at alle sidene blir heilt like, for då vil lesaren oppfatte dei som einsformige og kjedelege. Brot i rytmen gir variasjon og får lesaren til å stoppe opp og skjerpe merksemda.
Informasjonskopling
Når du les ein samansett tekst, verkar tekst, bilete og kanskje lyd saman for å formidle ein bodskap. Dette samspelet kallar vi informasjonskopling.
Fordi vi oppfattar den samansette teksten som ein heilskap, tolkar vi ikkje kvar del for seg, men ser dei i samanheng. Her skal vi sjå på to måtar uttrykka kan verke saman på: utdjuping og utviding.
Utdjuping
Utdjuping betyr at dei ulike delane i ein samansett tekst seier omtrent det same. Ein bilettekst kan til dømes gjenta det biletet viser. Men dei ulike uttrykksmåtane kan aldri formidle heilt det same, for kvar av dei har sine sterke og svake sider. Ofte utdjupar éin uttrykksmåte det den andre viser.
I lærebøker bruker forfattarane samspel mellom tekst, bilete og tabellar for at lesaren skal forstå betre. Dette er døme på utdjuping, fordi uttrykksmåtane seier omtrent det same, men den eine forklarer meir enn den andre. Tabellar kan gi detaljar og tal som utdjupar teksten, mens bilete og illustrasjonar kan vise noko ekstra som gjer innhaldet lettare å forstå.
Døme på utdjuping
Illustrasjonen under kan brukast til å utdjupe ein tekst om korleis ein torskefisk ser ut. Skulle du berre brukt ord for å forklare det same, hadde du fått ein ganske lang tekst. Prøv!
Utviding
Utviding betyr at dei ulike uttrykksmåtane gir ulik informasjon, ikkje lik, slik som utdjuping gjer.
Sjå til dømes på avisframsida frå Dagbladet under. Den samansette teksten har to delar: eit bilete av skodespelaren Jon Øigarden og skrift. Her ser vi at informasjonen om at skodespelaren trong psykologhjelp utvidar den informasjonen fotografiet gir.

Harmonisk samspel eller kollisjon?
Vi ser gjerne på ein samansett tekst som vellykka når tekstskaparen får kvar enkelt uttrykksmåte til å verke saman slik at dei utfyller kvarandre og støttar opp om same bodskap. Men det er fullt mogleg å kombinere uttrykksmåtar som kolliderer med kvarandre, slik som i "bryderiet" nedanfor (sjangernamnet er foreslått av tekstskaparane sjølve).

Motsetninga mellom skriftleg tekst og design i korsstingsbroderiet skaper ein komisk verknad – kanskje nokre gamle damer med behov for å vere litt rampete har vore på ferde? Og så er det litt vanskelegare å bli irritert over det stygge ordet når det er så fint innpakka. Men hadde vi fått ei pute med eit slikt brodert motiv i gåve, ville vi nok lurt på kva sendaren eigentleg ville fortelje oss.
Relatert innhald
Sjå nærare på samspelet i nokre samansette tekstar