Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Å skrive lyrikkanalyse

Oppgåve

På jakt etter språklege bilete og kontrastar

Å oppdage og kjenne igjen verkemiddel er berre første steget når vi nærles ein tekst, men det er eit viktig steg. Her får du trent på å finne språklege bilete og kontrastar i diktet "Mareritt i eventyrskogen".

Finn og sorter verkemidla

Les diktet "Mareritt i eventyrskogen" av Petter Solberg.

  1. Kva for språklege bilete finn du i diktet?

  2. Kva for kontrastar finn du?

  3. Sammenlikn svara dine med det ein medelev har funne ut. Har de lagt merke til dei same orda og uttrykka? Og har de brukt same namn på dei verkemidla de har funne?

  4. Kva funksjon har verkemidla i dette diktet?

  5. Sammenlikn svara med løysingsforslaget. Fant de dei same verkemidla?

Mareritt i eventyrskogen

Høstløv skriker
mot utslitte såler
Røtter famler i tåke
ut fra en stamme, rynket
Blødende klippevegger
løper langs en eng som sover
og kaster steiner på lille Rødhette
Den gode slutten ligger gjemt mellom to permer
fordekt av urokkelig sannhet
Nissen er avslørt

Bestemor har råtnet
drømmene er borte
barnehender søker
over kistelokket
Husker en siste gang
før fornuften glemmer

Tekst: Petter Solberg / Avgrensa gjenbruk

Løysingsforslag

Metafor (?)

  • eventyrskogen

Kva er eigentleg denne eventyrskogen, der det som blir skildra i diktet går føre seg? Kvar finst han? Er det snakk om ein reell skog, eller høyrer han heime i fantasien eller i ein draum?

Besjeling

  • Høstløv skriker

  • (kan òg takast med: utslitte såler)

  • Røtter famler i tåke

  • Blødende klippevegger løper/ kaster steiner

  • en eng som sover

Naturen er levande, og han er stort sett trist, utrygg eller aggressiv.

Allusjon (og symbol?)

  • lille Rødhette

  • nissen

  • (kanskje òg: bestemor)

Vesle Raudhette og nissen er to kjende skikkelsar frå eventyr og folketru, og vi kan derfor seie at dette er allusjonar til andre tekstar eller tenkemåtar. I eventyret om vesle Raudhette blir bestemor til Raudhette redda, og alt endar godt. Mindre barn trur dessutan at nissen finst, og at han kjem med gåver på julaftan.

Det er òg mogleg å argumentere for at vesle Raudhette, bestemor og nissen er symbol. Dei er konkrete figurar i "eventyrskogen" som blir skildra, men dei står òg for – ja, kva står dei for? Det må du sjølv gjere deg opp ei meining om.

Personifikasjon

  • Den gode slutten ligger gjemt mellom to permer

  • fordekt av urokkelig sannhet

  • før fornuften glemmer

Personifikasjonane skaper bilete som vi kan sjå for oss. Slike bilete har ein sterkare verknad på oss enn saklege forklaringar.

Kontrast

  • eventyrskog – mareritt

  • lille Rødhette – kaste steiner på

  • den gode slutten – gjemt mellom to permer, fordekt av urokkelig sannhet

  • nissen – avslørt

  • bestemor – råtnet

  • drømmene – borte

  • husker – glemmer

Diktet inneheld ein del ord med positive konnotasjonar som er knytte til ei fantasiverd der alt er trygt. Dei negativt ladde kontrastuttrykka derimot fortel at denne verda held på å forsvinne. Ho er "berre" fantasi, eller til og med løgn.

Metonymi

  • barnehender søker over kistelokket / husker en siste gang

Ein kroppsdel (hendene) står for heilskapen (barnet). Blikket "zoomar" inn på ei viktig hending.

Skrive av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist oppdatert 04.12.2025