Oppgåve
Oppgåveforslag til analyse av samansette tekstar
I denne ressursen vil du finne tre oppgåveforslag til analyse av samansette tekstar. Du kan velje mellom ein etosfylt brosjyre frå Leger Uten Grenser, ei personskildring av Harry Potters stebror og ein musikkvideo full av referansar til Munch.

Å definere avsendar, målgruppe og formål er noko av det viktigaste du gjer når du set i gong med analyse av samansette tekstar.
Oppgåve 1
Vedlegg:
Leger Uten Grenser: Din viktigste arving kan være en du aldri har møtt (side 1 og 2 i heftet).
Analyser teksten og vurder samspelet mellom dei ulike uttrykksformene i den vedlagde teksten. Bruk omgrep frå retorikken.
Oppgåve 2
Vedlegg:
J.K. Rowling. Utdrag frå Harry Potter (s. 17–18)
Vurder samspelet mellom verbalteksten og biletet på s. 17–18 i utdraget. Kommenter deretter korleis skildringa av Dudleifs utsjånad er tilpassa målgruppa til boka.
Oppgåve 3
Vedlegg:
Izabell: E. Munch
Tolk den samansette teksten og vurder kva funksjon dei visuelle og verbale referansane til Munchs verk har.
Relatert innhald
Analyse av samansette tekstar
Dette analyseskjemaet hjelper deg med å analysere korleis tekstar er komponerte og sette saman av ulike element.