Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Kompani Orheim

Tore Renberg har skrive romanen Kompani Orheim. I denne oppgåva skal de sjå filmatiseringa av boka.

Del 1: Sjå filmen

No skal de sjå filmen Kompani Orheim (lengde 1:43:46). Ta notat undervegs i fila som er vedlagd.

Del 2: Diskuter i grupper

  1. Gå saman i grupper. Samanlikn og diskuter notata de har gjort mens de har sett filmen.

  2. Kva for nokon ulike tema meiner de filmen har? Skriv ned forslaga og grunngi kvifor de meiner dette er viktige tema.

Del 3: Oppsummer i klassen

Oppsummer i klassen ved å skrive opp alle temaa til dei ulike gruppene på tavla.

Del 4: Skriv om filmen

Vel deg eitt av temaa de har skrive opp på tavla. Skriv ein tekst på 200–500 ord der du forklarer korleis dette temaet kjem fram i filmen.

Del 5: Andre tekstar med same tema

Be læraren hjelpe deg med å finne utdrag frå andre tekstar om å vekse opp med ein alkoholisert forelder. Les utdraga og samanlikn korleis barna sine kjensler for foreldra blir framstilte i tekstane.

Forslag til tekstar er:

  • Min kamp 1, av Karl Ove Knausgård

  • Meg eier ingen, av Åsa Linderborg

  • Neiden 1970, av Ingeborg Arvola

  • Glem meg, av Alex Schulman

Forslag til andre filmar om same tema:

  • Kevlarsjel, regissert av Maria Eriksson-Hecht

  • Natta pappa henta oss, regissert av Stefan Strandberg (animasjon)

  • Kjære pappa! regissert av Jesper Kolstad Rødseth (kortfilm)

  • Meg eier ingen, regissert av Kjell-Åke Andersson, basert på Linderborgs roman

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 29.04.2026