Hopp til innhald
Oppgave

Korleis skrive kortsvar om grammatikk?

På eksamen kan du bli beden om å skrive eit kortsvar der du skal samanlikne ulike språk. Denne ressursen handlar om korleis du skriv eit godt strukturert svar og viser norskfaglege kunnskapar om dei skandinaviske skriftspråka.
Video: Snøballfilm / CC BY-NC-ND 4.0

Denne ressursen er bygd opp slik:

  1. Først får du ei skildring av kva som må til for å svare godt på kortsvaroppgåva om grammatikk.

  2. Deretter kan du sjå eit døme på ei oppgåve som handlar om grammatikk.

  3. Så skal du prøve å løyse oppgåva og skrive eit svar saman med andre.

  4. Les deretter eit modellsvar og diskuter kvifor det er eit godt svar på oppgåva.

  5. Til sist skal du skrive ned kva du har lært og kan ta med deg til dine eigne tekstar.

Del 1: Korleis svare godt på oppgåva om grammatikk?

Dersom du skal vise god kompetanse i ei oppgåve som handlar om grammatikk, må du

  1. først forstå nøyaktig kva oppgåva ber deg om

  2. finne svar på oppgåva i vedlegget

  3. bruke relevante fagomgrep

  4. skrive eit kort og presist svar med god struktur og formelt rett språk

Del 2: Korleis ser oppgåva ut?

  1. Det er ganske typisk at du blir beden om å samanlikne setningar på anten norrønt, svensk eller dansk, for så å samanlikne desse med moderne norsk.

  2. Du blir beden om å "gjere greie for" forskjellar og likskapar og "samanlikne" språka.

  3. Ordlyden i oppgåva vil vere tydeleg på at du skal bruke både fagomgrep og døme frå teksten i svaret ditt.

  4. Du skal skrive ca. 200–250 ord.

Døme på ei oppgåve

Nedanfor ser du eit utdrag på tre språk frå barneboka Pippi flytter inn i Villa Villekulla.

Gjer greie for særtrekk ved norsk samanlikna med svensk og dansk. Kommenter både på ord- og setningsnivå, og vis døme. Bruk relevant fagspråk.

Norsk bokmål

Ved siden av Villa Villekulla lå en annen hage og et annet hus. I det huset bodde en pappa og en mamma med sine to små søte barn, en gutt og ei jente.

Svensk

Bredvid Villa Villekulla låg en annan trädgård och ett annat hus. I det huset bodde en pappa och en mamma med sina två små rara barn, en pojke och en flicka.

Dansk

Ved siden av Villa Villekulla lå en anden have og et andet hus. I det hus boede en far og en mor med deres to små søde børn, en dreng og en pige.

Svaret ditt blir vurdert på desse områda: 

Tekstforståing

Om det i svaret blir gjort greie for språklege likskapar og forskjellar, med eit presist fagspråk og relevante døme.

Språkføring

Om svaret er gjennomgåande godt formulert, med formålstenleg og variert ordtilfang og setningsstruktur.

Formelle ferdigheiter

Om svaret har gjennomgåande korrekt rettskriving og teiknsetjing.

Del 3: Prøv å løyse oppgåva

Korleis ville du gått fram om du skulle ha løyst denne oppgåva?

Individuelt arbeid

  1. Samanlikn setningane på dei tre ulike språka og marker viktige forskjellar som du ville ha skrive om dersom du hadde fått denne oppgåva til eksamen.

  2. Det er viktig å bruke fagomgrep for å vise norskfagleg kompetanse når du svarer på denne typen oppgåver. Kva omgrep ville du ha brukt? Skriv dei ned.

  3. Tenk over kva du ville hatt med i desse delane av oppgåva:

    • innleiinga

    • hovuddelen

    • avslutninga

Arbeid i par

Gå saman med ein medelev og samanlikn svara dykkar.

Arbeid i plenum

  1. Gå gjennom svara dykkar.

  2. Skriv alle fagomgrep de meiner er relevante, på tavla. Finn døme på desse i vedlegget.

  3. Prøv å skrive eit svar på oppgåva i plenum. De kjem med forslag til setningar, avsnittsinndeling og fagomgrep mens læraren eller ein av elevane noterer og viser dokumentet på prosjektor.

Del 4: Les eit godt svar på oppgåva

Norsk, svensk og dansk – like, men likevel ulike

Utdraga frå Pippi flytter inn i Villa Villekulla viser først og fremst at dei tre språka er så like at skandinavar kan lese og forstå kvarandre sine skriftspråk. Men setningane viser også forskjellar i både ordtilfang, bøyingssystem og grammatisk kjønn.

Dei tre skriftspråka har mykje av ordtilfanget felles fordi dei alle har utvikla seg frå eitt felles grunnspråk, urnordisk. I utdraga er dei fleste orda like eller nesten like. Men vi ser også at svensk har ord som skil seg vesentleg frå dei norske og danske, som "bredvid" og "trädgård".

Eit særtrekk ved norsk skriftspråk er at vi har tre grammatiske kjønn, mens dansk og svensk skriftspråk berre har to. Vi kan skrive både "ei jente" og "en jente" på bokmål, mens svenskane må skrive "en flicka" og danskane "en pige".

Eit grammatisk særtrekk som norsk og svensk har felles, er dobbel bestemming av substantivet: "i det huset". Substantivet har bestemmarordet "det" framfor seg og står i tillegg i bunden form. På dansk får substantivet ubunden form etter bestemmarordet: "i det hus_". Dette blir kalla enkel bestemming.

Mykje av årsaka til likskapane og forskjellane finn vi i språkhistoria: Vi hadde same språk heilt fram til vikingtida. Etter dette har dei skandinaviske språka utvikla seg i ulike retningar, men berre litt ulikt.

Individuelt arbeid

  1. Les svaret ovanfor. Skriv deretter ned minst tre punkt som gjer dette til eit godt svar.

  2. Marker alle fagomgrepa i svaret, og samanlikn dette med teksten de skreiv i plenum i del 3. Skreiv de om det same?

  3. Dette svaret viser kunnskap om både grammatikalske forskjellar og språkhistorie. Korleis då?

Arbeid i par

  1. Samanlikn svara dykkar i førre oppgåve.

  2. Gå gjennom oppgåvene (diskuter) og les gjennom tipsa i presentasjonen nedanfor.

Del 4: Kva har du lært?

Skriv fritt i fem minutt: Kva er det aller viktigaste du har lært no, og som du vil ta med deg til eksamen?

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2022