Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Film

Nærlesing av to dikt om byen

Nærlesing av tekstar har som mål å finne verkemidla som er brukte, og analysere korleis desse verkemidla løftar fram temaet i tekstane.

Sjå eit døme på nærlesing

Filmen (lengde 6:18) vise korleis du kan nærlese eit dikt:

Korleis nærlese dikt? Ein demonstrasjonsvideo. Film: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 1: Nærles diktet "Midt i byen"

  1. Gå gjennom diktet "Midt i byen" på eiga hand først og sjå etter språklege verkemiddel.

  2. Samanlikn deretter med ein annan elev i klassen. Har de lagt merke til det same?

Tips til framgangsmåte
  1. Sjå på heile diktet først. Er det tradisjonelt eller moderne? Har det fri eller fast form? Er det enderim?

  2. Sjå nøye på kvar strofe og still deg desse spørsmåla:

  • Kva handlar strofa om?

  • Korleis er stemninga?

  • Korleis vert ulike verkemiddel brukte for å få fram tematikken? Hugs å setje rett namn på verkemidla undervegs.

Del 2. Nærles diktet "Signaler"

Nærles diktet "Signaler" på same måte som du gjorde med "Midt i byen".

Del 3. Samanlikn dikta.

Gå saman i grupper og diskuter likskapar og skilnader de finn i forma til dikta.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 16.09.2026