Har du sjølvdisiplin?
Del 1: Kva gjer du?
Kor god er du til å få noko gjort? Gjer du oppgåvene dine så raskt du får dei, eller ventar du så lenge som mogleg?
Er det forskjell på kva oppgåver du gjer raskt og kva du utset? Forklar.
Diskuter spørsmåla over i grupper. Kva argument har dei som vel å gjere oppgåver raskt? Og kva med dei av dykk som utset lengst mogleg?
Del 2: Les eit essay frå Operasjon sjølvdisiplin av Agnes Ravatn
Skum raskt gjennom essayet. Kva legg du merke til i teksten? Skriv ned førsteinntrykket ditt og noko du spesielt legg merke til.
Les teksten grundig og skriv svar på spørsmåla under.
Kva er definisjonen på prokrastinering? I teksten finn du to definisjonar.
Kva ulemper ved prokrastinering kjem fram i teksten?
I essayet finn du mange forklaringar på kvifor nokon utset oppgåver. Skriv ned minst tre av dei. Kjenner du deg igjen i nokre av forklaringane?
Essayet blir avslutta med ei liste over kva du kan gjere for å slutte med prokrastinering (om du er nokon av dei som driv med det). Kva råd vil du prøve å følge?
Om du aldri prokrastinerer, kva for nokre av punkta i teksten er det du følger?
Del 3: Sjå nærmare på sjangeren
Sjå nærmare på verkemidla i essayet. Start gjerne med å repetere kva eit essay er. Sjå lenker nedst på sida.
Kvifor er dette eit essay? Diskuter med ein medelev.
Diskuter i klassen: Kva essaytrekk finn de?
Er det noko i teksten som bryt med sjangerforventingane du har til essayet?
Kva skaper humor i teksten?
Kva gjer at denne teksten er eit essay og ikkje eit kåseri?
Trur du at du kjem til å endre arbeidsvanar etter å ha lese essayet? Kvifor/kvifor ikkje?
Kva trur du vil ha størst påverknadskraft på deg – dette essayet eller ein fagartikkel om det same emnet? Grunngi svaret ditt.
Relatert innhald
Lær om kva som kjenneteiknar essayet.
Utdrag frå boka Operasjon sjølvdisiplin av Agnes Ravatn