Vel eitt av alternativa under.
Sjå Fjernsynteateret si dramatisering av Peer Gynt under. Andre og tredje handling går frå 45:55 (Peer og Ingrid etter bruderovet) og ut filmen (Mor Åses død).
Dramatiser fem sentrale scener frå andre og tredje handling. Gå saman i par i scener med to roller, og i grupper der scena har fleire roller.
De skal øve på eige rom og vise fram dramatiseringa for klassen etterpå. Vis fram i den rekkefølga scenene står i.
Scene 1: Peer dumpar Ingrid (Peer og Ingrid)
Scene 2: Den grønkledde (Peer og Den grønkledde)
Scene 3: I Dovregubbens hall (Peer, Dovregubben og ei rekke troll) Tips: Spel gjerne "I Dovregubbens hall" av Edvard Grieg under framføringa.
Scene 4: Bøygen (Peer, Bøygen og fugleskrik)
Scene 5: Møte med Solveig igjen (Peer, Solveig og Helga)
Frå andre og tredje handling stammar mange av dei mest berømte sitata frå Peer Gynt. Men kva betyr dei eigentleg? Diskuter kva utdraga under skal seie om Peer, personlegdommen hans og forholdet hans til andre menneske:
Peer Gynt: Djevlen står i alt, som minner!
Djevlen står i alle kvinner,--
uten en-!
Ingrid: Hvem er den ene?
Peer Gynt: Ikke deg.

Dovregubben: Sant nok; vi er ens i det og mer.
Men morgen er morgen og kveld er kveld,
så forskjell blir det nu like vel.-
Nu skal du høre hva det er for noe:
Der ute, under det skinnende hvelv,
mellom menn det heter: "Mann, vær deg selv!"
Her inne hos oss mellom trollenes flokk
det heter: "Troll, vær deg selv-nok!"
Peer Gynt: Gi svar! Hvem er du?
Stemmen: Meg selv
Peer Gynt: Av veien!
Stemmen: Gå utenom, Peer! Den er stor nok, heien.
Peer Gynt: (vil igjennom på et annet sted, men støter imot).
Hvem er du?
Stemmen: Meg selv. Kan du si det samme?
Sjå programmet "Hemmeligheten bak Peer Gynt" frå 26:00 til 43:10. Bruk det du lærer her til neste skriveoppgåve.
Skriv i 15 minutt. Svar på desse tre spørsmåla:
Korleis er Peer Gynt? Skriv ein personkarakteristikk av han.
Kva er ditt foreløpige inntrykk av stykket? Kva meiner du Henrik Ibsen vil fortelje lesaren sin med dramaet?
Synest du teksten er relevant i dag? Begrunn svaret ditt.
Del no det de skreiv i del 4 med resten av klassen. Det er mange måtar å gjere det på. Vel eitt av alternativa under. Det viktigaste er at alle skal lese alt dei andre i klassen har skrive. Vel sjølv om du vil at teksten din skal vere anonym, eller om du vil ha namnet ditt på han.
Lever inn tekstane dykkar til læraren. Be hen lage eit hefte som blir delte ut i neste time. Her kan de lese kvarandre sine tekstar.
Alle lastar tekstane sine opp på skulen si læringsplattform. Deretter les de gjennom kvarandre sine tolkingar og kommenterer om de synest nokon har skrive noko interessant.
Lim tekstane dykkar inn i eit samskrivingsdokument. Les gjennom og kommenter det de synest er gode tolkingar.
Bli kjend med første handling i Peer Gynt gjennom ein animasjon og ved å framføre sentrale scener frå stykket.
Bli kjend med fjerde handling i Peer Gynt og lag ei Instagram-historie.