Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Faget norsk vg3 på NDLA

Bli kjend med strukturen og tankane bak innhaldet i norskfaget på NDLA.

Fullverdig læremiddel

I faget norsk vg3 SF på NDLA vil du finne fagartiklar, oppgåver, tidslinjer, læringsstiar, filmar og interaktive oppgåver som dekker alle kompetansemåla i norskfaget, NOR01‑07.

Vi har lagt vekt på å følge intensjonane i overordna del av læreplanen, kjerneelementa og tekstane som beskriv relevansen til faget og sentrale verdiar. Det vil seie at du vil finne fagressursar som skal få elevane til å utforske, vere kreative og skapande. Elevane blir utfordra på å reflektere, sjå etter samanhengar, vere kritiske og gå i djupna. Vi har òg teke på alvor at norsk er eit sentralt fag for kulturforståing og identitetsutvikling. Gjennom tekstar og oppgåver vil elevane utfordrast til å finne stemma si, få eit nytt blikk på seg sjølv og "dei andre".

Oppbygginga av faget

Vi har valt å strukturere faget etter kjerneelementa. Under kvart kjerneelement er det fleire underemne. Under kan du lese om nokre grep vi har teke:

Skriveopplæring

Vi fører vidare grepa frå vg1 og vg2 med modelltekstar og steg- for-steg-læringsressursar som styrker skriveferdigheitene til elevane. Oppdraga blir litt meir krevjande, og vi innfører nokre fleire omgrep for å sikre progresjon i skriveopplæringa. Du finn òg skriveressursar der elevane trenar heilt spesifikt på skriftleg eksamen

Tematisk tilnærming

Under kjerneelementet "Tekst i kontekst" held vi fram med tematisk inndeling av ressursane. I vg2 og vg3 legg læreplanen vekt på at elevane skal setje tekstar i ein kulturhistorisk kontekst og drøfte korleis dei er relevante i dag. Derfor vil det å trekke linjer mellom fortid og notid vere viktig i både oppgåvene og fagstoffet vårt under dei ulike temaa.

Undertema i vg3 er:

  • Naturen og mennesket

  • Opprøret mot autoritetane!

  • Skam og ære

  • Utanfor eller innanfor?

  • Likestilling, kropp og seksualitet

  • Familien i litteraturen

Kvart tema har ein fagartikkel som trekker linjene mellom eldre og nyare litteratur og fleire oppgåver som hjelper elevane til å utforske og gå i djupna.

Ikkje berre tematisk

I tillegg til tematiske inngangar til "Tekst i kontekst" vil du òg finne ressursar ordna kronologisk under temaet "Litteraturhistorie" og i den nyoppussa tidslinja vår "Språk- og litteraturhistorisk tidslinje".

Språk, kultur og identitet

Kompetansemålet som er knytt spesifikt til språk i vg3, seier at elevane skal gjere greie for endringar i talespråk i Noreg i dag og reflektere over samanhengar mellom språk, kultur og identitet. I dette emnet tek vi for oss situasjonen i dag og prøver òg å sjå fram i tid. Samtidig ser vi på korleis talespråket, og spesifikt dialektane, har forandra seg gjennom tidene. For dei som vil fordjupe seg i dialekttrekk, har vi oppdatert dialektlæra.

Samansette tekstar

Under dette emnet vil du finne alt de treng for å oppfylle læreplanmålet der elevane skal analysere uttrykksformer i samansette tekstar i ulike medium og vurdere samspelet mellom dei. I vg3 har vi òg valt å utfordre nokre etablerte praksisar i klasserommet, slik at elevane ikkje berre endar opp med å analysere reklamar. De kan dykke i djupna på mellom anna mem, geriljabroderi og gatekunst.

Støtte til læringsarbeidet og planlegging

Metodane og tilnærmingane som ligg i overordna del, gjeld alle fag, og det har vi i NDLA teke på alvor. Vi har derfor laga eit eige "fag" som vi kallar Verktøykassa, det er delt inn i Verktøykassa for elevar og Verktøykassa for lærarar. Der ligg ressursar som både lærarar og elevar vil ha nytte av i planlegging av undervisning og i læringsarbeidet.

Jobb tverrfagleg

Du kan jobbe med tverrfaglege tema i berre norskfaget, og då finn du ressursane ved å søke på temaet når du er i faget. Du kan òg la elevane jobbe med problemstillingar dei kan finne svar på ved å bruke ressursar frå fleire fag. Vi har samla fleire slike problemstillingar og casar i eit eige fag: Tverrfaglege tema.

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 08.08.2025