Arne Garborg og Anna Kleiva om pengar

Del 1: Påstandar om pengar
Diskuter desse påstandane i klassen
Å ha mykje pengar gjer deg lykkeleg.
Folk i rike land er lykkelegare enn folk i fattige land.

Del 2: Les forsking om pengar og lykke
Kva seier eigentleg forsking om samanhengen mellom lykke og pengar? Les artikkelen "Gjør penger oss lykkeligere?" på nmbu.no.
Diskuter i klassen
Kva svar gir forskinga på dei påstandane de diskuterte i del 1?
Var det nokon av forskingsresultata som overraska dykk? Grunngi svara dykkar.
Del 3: Arne Garborg om pengar

I 1903 skreiv Arne Garborg diktet "Um pengar". Det er eit dikt med ein bodskap. Men kva er bodskapen? De finn diktet under.
Jobb i par
Nokre ord er utelatne frå diktet. Les diktet, og prøv å dra rett ord til rett stad.
Forstod de bodskapen i diktet? Diskuter kva Garborg skriv om pengar, og kva vi kan gjere og ikkje gjere med pengar.
Del 4: Anna Kleiva om pengar
Boka Echo Mountain – forteljingar frå L.A. (2018) er ei reiseskildring frå Los Angeles. Les prosateksten "Pengar (veks på tre, tre veks på kroppen min)" og svar deretter på dei følgande spørsmåla:
Jobb åleine
Teksten verkar litt gåtefull. Kva meiner du han vil fortelje deg?
Eg-personen ramsar opp alt hen vil kjøpe om hen skulle bli rik. Lag ei liste over alle tinga hen vurderer å kjøpe.
Sjå over lista du har laga. Kva funksjon meiner du det har at eg-personen ramsar opp alle desse tinga hen kan kjøpe for pengar?
Les dei tre siste avsnitta i prosateksten om igjen. Kva vil du seie er bodskapen i desse avsnitta?
Diskuter i grupper
Samanlikn svara dykkar. Har de oppfatta teksten likt?
Finn minst tre sitat som de synest er sentrale for å forstå tematikken i prosateksten.
Del 5: Ein fagsamtale om pengar og lykke
Sjå episoden "Lykke" på Broshow på Nrk.no.
Frå 07:20 snakkar gutane om samanhengen mellom pengar og lykke. Diskusjonen viser at dei er ueinige. Sitt saman i grupper, og diskuter kva samanheng de meiner det er mellom pengar og lykke. I diskusjonen skal de vise til alle dei fire tekstane de har gått gjennom her:
Relatert innhald
Åtte gode tips til fagsamtale om litteratur.
Blir du lykkeleg av pengar? Sjå nærare på tekstar som tematiserer samanhengen.