Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

Analyser ein samansett reklametekst

Tolking av reklame

Start med å sjå denne filmen (lengde 6:04) om verkemiddel i reklame:

Bruk filmen som inspirasjon til å tolke ulike element i ein samansett reklametekst. Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Del 1: Følg ein mal

Analyser ein valfri reklame ved å bruke skjemaet under.

  • Skriv stikkorda inn i skjemaet etter kvart som du tek for deg punkta.
  • Til slutt eksporterer du det du har skrive. Samanlikn og diskuter svara dine med ein medelev. Har de lagt merke til det same?

Del 2: Fullfør teksten

Skriv ferdig analysen eller presenter analysen munnleg for klassen.

Del 3: Diskuter

Drøft følgande spørsmål med ein medelev eller i klassen:

  • Kva slags reklamar likar de? Gi grunn for kvifor de likar desse.
  • Kva slags reklamar likar de ikkje? Gi grunn for svaret.
  • Kor gode er markedsførarar til å treffe ungdom? Kva kan dei gjere betre?
Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 05.05.2026