Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Presentasjonar og foredrag

Oppgåve
Tilleggsstoff

Utforsk Gunnlaug Ormstunge i fellesskap

No skal de lese Sagaen om Gunnlaug Ormstunge på utforskande vis. Det vil seie at de skal stoppe opp i lesinga, reflektere og diskutere undervegs. Slik aktiv lesing vil definitivt auke forståinga dykkar av teksten, ikkje minst fordi de skal lese kollektivt i klassen.

.

Før du gjer denne oppgåva, bør du ha lese dei to første kapitla i sagaen og laga deg ein hypotese slik du kan lese om i ressursen "Førlesing og hypotesar om Gunnlaug Ormstunge".

Relatert innhald

Oppgåve 1. Les og diskuter sagaen

Kapittel 3: Menneskesynet til vikingane

Les kapittelet og diskuter i plenum:

  1. Var det nokon delar av dette kapittelet de reagerte på? Kvifor (ikkje)?

  2. Kva fortel dette kapittelet om menneskesynet til vikingane?

Kapittel 4: Gunnlaug blir introdusert

Etter å ha lese kapittelet skal de:

  1. skrive ned tre trekk som de synest karakteriserer Gunnlaug

  2. skrive alle orda dykkar på tavla og la dei bli ståande medan de les vidare. Kjem de på nye ord i den vidare lesinga, bør de skrive dei ned.

Kapittel 5: Gunnlaug fer fram


Diskuter:

  1. Korleis blir Gunnlaug oppfatta av menneske han møter på sin veg?

  2. Korleis kjem Gunnlaugs eigenskapar til syne gjennom replikkane hans?

  3. Forstår de kva som er vilkåra Gunnlaug må godta for å få Helga?

Lesepause: Vi gjer opp status og reviderer hypotesen

No har vi møtt dei viktigaste personane i sagaen. Vend tilbake til tolkinga dykkar av draumen og hypotesen de laga:

  1. Vil de endre tolkinga dykkar etter å ha blitt introdusert for personane? Korleis – i så fall?

  2. Kva personar trur de dei ulike fuglane i draumen skal symbolisere, og korleis trur de det går med personane?

Viss du vil lage ein ny hypotese, lever han inn til læraren og merk han med "hypotese 2".



Kapittel 6–9: Gunnlaug besøkjer store menn

Diskuter:

  1. I denne delen av teksten blir det fortald om Gunnlaugs reiser og besøk hos mektige menn. Kvifor trur de forteljaren bruker mykje plass på dette?

  2. Kapittel 9 handlar om møtet mellom Ravn og Gunnlaug. Det oppstår ein konflikt mellom dei. Fortel att kva han går ut på. Det er sentralt at du bruker orda "drope" og "flokk" for å forstå konflikten.

  3. Vi kjem til å høyre meir om Ravn. Kva trur de han kjem til å gjere etter å ha blitt audmjuka av Gunnlaug?

  4. Kvifor trur de Ravn ber om å få gifte seg med Helga?

Kapittel 10: Kampen om Helga

Diskuter:

  1. Forstår de kvifor Gunnlaug ikkje rekk tilbake til Island i tide, og dermed mister sjansen til å gifte seg med Helga?

  2. Korleis kjem Gunnlaugs kjensler for Helga fram i kapitla?

Kapittel 11:

Helgas opprør

  1. Kvinnene har førebels spelt ei passiv rolle i sagaene, men i dette kapittelet kjem Helgas kjensler til syne. Korleis?

  2. Helga har hatt liten påverknad på eige liv, men i ein liten del av teksten ser vi at ho kan påverke ekteskapet sitt. Korleis?

  3. Ravn fortel om ein draum i eit kvad til Helga. Kva trur de draumen skal bety?

Første holmgang

  1. Kva fortel dette kapittelet om korleis vikingar på Island og i Noreg løyste interne konfliktar?

Kapittel 12: Holmgangen på Dinganeset

  1. Framfør kapittel 12 som eit skodespel for kvarandre.

  2. Diskuter kva rolle omgrepa ære, skam, svik og ettermæle speler i dette kapittelet.

Kapittel 13: Blodhemn og ettermæle

  1. Korleis viser dette kapittelet at islendingar løyste konfliktar mellom ættene?

  2. Kva synest de det siste kapittelet seier om stillinga for kvinnene på Island på 1000-talet?

Oppgåve 2. Stemde hypotesen?

Ta fram igjen hypotesen de laga etter å ha lese Torsteins draum i kapittel 2. Har nokon klart å lage ein hypotese som stemmer?

Oppgåve 3. Skriv om det du har lese

Skriv i 20 minutt om spørsmåla under. Målet er å skrive fritt og mykje. Du treng ikkje tenkje over setningsoppbygging, staving og så vidare.

  1. Korleis var det å lese ein tekst som er så gammal? Var det noko ved teksten du blei ekstra interessert i?

  2. Beskriv det vikingsamfunnet du nettopp har lese om. Du vel sjølv kva du vil leggje vekt på.

  3. Kva er dei viktigaste forskjellane du har lagt merke til ved menneske og samfunn på 1000-talet og i dag?

  4. Er det nokon likskapar mellom oss på 2000-talet og mellomaldermennesket?

Oppgåve 4. Diskuter inntrykka dykkar

Diskuter svara dykkar på dei fire spørsmåla over i grupper.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 05.05.2021