Oppgåve
Interaktivt innhald
Tilleggsstoff
Øv på sterke verb: etappe 3
Ein del vanlege sterke verb følger same bøyingsmønsteret som verbet å finne. Lær deg dei fem verba nedanfor!
Infinitiv | Presens | Preteritum | Presens perfektum |
|---|---|---|---|
| å drikke | eg drikk | eg drakk | eg har drukke |
| å finne | eg finn | eg fann | eg har funne |
| å springe | eg spring | eg sprang | eg har sprunge |
| å synge | eg syng | eg song | eg har sunge |
å vinne | eg vinn | eg vann | eg har vunne |
Forklart på fagspråket: Med unntak av verbet å synge har alle kort i som rotvokal i infinitiv, og rotvokalen er i i presens, a i preteritum og u i perfektum partisipp.