Hopp til innhald
Fagartikkel

Språksituasjonen i Noreg i dag

Kva er språksituasjonen i Noreg i dag, og kva for nokon utfordringar vil det norske språket møte i framtida? I 2018 bad Språkrådet eit utval om å beskrive dette. I 2022 blei det vedteke ny språklov basert på rapporten. Her får du kortversjonen vår.

Før du begynner å lese:

Kva veit du om språksituasjonen i Noreg i dag?

Mediespråk i endring

Niåringen frå Ørsta sit med iPaden på fanget ein haustdag. Han syner fram kva program dei bruker i undervisninga på skolen. Få av dei er laga i Noreg, ingen av dei er på nynorsk. [...] I helgene likar han å sjå ein serie på Disney Channel. Den eldre søstera er helst på YouTube. Mora likar best seriar på Netflix.

Språkrådets framtidsutval, 2018

Kor mange sosiale medieplattformer er du på? Og når såg du lineær-tv sist? Medievanane våre har forandra seg raskt på få år. Vi blir eksponerte for engelsk i tidlegare alder enn før og bruker meir tid framfor skjerm enn nokon gong. Derfor møter barn og unge mindre norsk i oppveksten enn før. Dessutan må dei norske medieaktørane konkurrere mot internasjonale gigantar som produserer engelskspråkleg innhald. Over halvparten av alle norske husstandar abonnerer på Netflix, og dei unge bruker meir tid på YouTube enn på tv.

Ufordringer og løysingar

Den norske ungdomsserien Skam, som gjekk på NRK mellom 2015 og 2017, blei ein internasjonal suksess. Plutseleg var norsk det "hottaste" språket rundt om i verda. Skal norsk òg vere "hot" i Noreg, må vi lage mykje nok og godt nok medieinnhald på norsk – og gjere innhaldet lett tilgjengeleg. Det gjeld til dømes film, seriar, tv-show, musikk og spel, men òg nyheitsformidling og folkeopplysning. Så lenge norsk og samisk er språka vi bruker i det offentlege, er det viktig for demokratiet at vi møter og bruker desse språka i mediekvardagen. Det gjeld både nynorsk og bokmål, dialektmangfaldet, og dessutan dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. Dette kostar sjølvsagt pengar, og den internasjonale konkurransen er stor.

Lag ei liste: Kor mange norskspråklege seriar eller filmar har du sett den siste månaden? Og kor mange engelskspråklege seriar eller filmar har du sett i same tidsrom?

Språkteknologisk kvardag

Olga (92) bur framleis heime. Det kan ho gjere fordi ho har god hjelp i teknologien rundt seg: Treng ho å skru på lyset, seier ho det høgt. Kjøleskapet bestiller ekstra mjølk når det ikkje er meir igjen, og ho snakkar til ei mobil eining når ho treng ekstra tilsyn frå eldresenteret, som også reknar ut kva medisin ho treng for hjartet.

Språkrådets framtidsutval, 2018

I Noreg er vi raskt ute med å bruke ny teknologi. Dagens språkteknologi er meir avansert enn vi kunne førestille oss for berre få år sidan. Det er ikkje veldig lenge sidan omsetjingsmaskiner var science ficton eller berre noko som eksisterte i Donald-blada. No kan du snakke til mobilen din på norsk, og i neste augneblink snakkar han polsk til deg. Vi blir meir og meir avhengige av fordelane ein slik teknologi gir oss i jobb, skule og kvardag.

Utfordringar og løysingar

Sjå for deg at helsa di er i hendene på taleteknologi som ikkje forstår kva du seier. Ofte finst ny teknologi berre på engelsk, og å omsetje programvara til norsk er ikkje akkurat førsteprioritet hos store, internasjonale aktørar. Når programvara likevel er tilpassa norsk, er ho kanskje ikkje like god som for engelsk, eller ho forstår ikkje vossamål.

Den største utfordringa vår er derfor å legge til rette for og utvikle teknologi som både forstår norsk – dialektar og begge skriftspråka – og minoritetsspråka våre. Teknologien må dessutan vere god nok til å konkurrere med engelskspråkleg programvare. Dersom vi ikkje klarer det, får ikkje alle lik tilgang til informasjon og tenester, som er eit alvorleg problem for demokratiet og velferdssamfunnet. Det er òg eit velferdsproblem. Dessutan truar den språkteknologiske engelskdominansen det språklege mangfaldet. Språk med få språkbrukarar, til dømes samisk – eller nynorsk – taper i møtet med den engelskdominerte språkteknologien.

Tenk over og diskuter: Kva for nokon moglegheiter gir språkteknologien oss – i dag og i framtida?

Eit fleirspråkleg Noreg

Kanskje er det mange ulike morsmål i klassen din. Kanskje snakkar du sjølv norsk på skulen, engelsk med venner og eit anna morsmål heime. Det språklege mangfaldet har nemleg auka i takt med samfunnsendringar dei siste åra. Engelsk får stadig større innpass i det norske samfunnet, særleg i akademia og delar av næringslivet, men òg i kvardagen. I tillegg finst det i dag truleg 200–300 minoritetsspråk i Noreg – såkalla innvandrarspråk.

Noreg har faktisk vore eit fleirspråkleg samfunn lenge. Urfolkspråket samisk er i dag likestilt med norsk innanfor forvaltningsområdet for samiske språk. Dessutan finn vi norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes, som har lang tradisjon i Noreg. Noreg har eit særleg ansvar for desse minoritetsspråka, og dei er ein viktig del av norsk kulturarv.

Utfordringar

Nynorsk er under sterkt press frå bokmål og frå engelsk. Det kan du lese meir om nedanfor under overskrifta "Særlege utfordringar for nynorsk". Utover nynorsksituasjonen er det særleg to hovudutfordringar knytte til det fleirspråklege Noreg:

  1. Samisk og dei nasjonale minoritetsspråka er under sterkt press frå norsk og engelsk.

  2. Fleirspråklegheit blir sett på som ei bør heller enn ein ressurs.

Noreg er forplikta til å fremme samisk og dei nasjonale minoritetsspråka, og til å verne om både språka og rettane til språkbrukarane. Det skjer mellom anna gjennom å spreie kunnskap om språka, utvikle læremiddel, styrke opplæring og forsking – og generelt gjere dei meir synlege i samfunnet. Sjølv om rettane til minoritetsspråka er nedfelte i lova, blir dei dessverre ikkje alltid oppfylte.

Asria er på fireårskontroll med sonen Yusef. "Eg håper de snakkar norsk med guten heime?" [seier helsesjukepleiaren] Det må Asria svare nei til. Dei snakkar somali heime, av og til arabisk. Yusef har lært seg godt norsk i barnehagen, men helsesjukepleiar meiner det kan vere skadeleg for norskopplæringa om han høyrer for mykje somali heime. Asria er skamfull.

Språkrådets framtidsutval, 2018

Asria og Yusef sin situasjon i dømet over er vanleg. Kanskje er det fordi mange trur fleirspråklegheit hemmar språkutviklinga til barn. Og kanskje er det fordi mange meiner det er viktigare at barnet lærer majoritetsspråket. Slike haldningar har òg kvener, samar, døve og høyrselshemma blitt møtte med. Ifølge forsking er det derimot ikkje skadeleg for barn å vekse opp med å snakke eit anna språk enn norsk heime. Forskarane er einige om at det beste for barn, er at foreldra snakkar det språket dei sjølv kan best.

Vi må likevel legge til rette for at alle har kompetanse i majoritetsspråket norsk. Det er til dømes utfordrande for eit barn å begynne på skulen utan å kunne det språket som blir brukt i klasserommet. Det aukande språklege mangfaldet gjer det derfor viktigare enn nokon gong å gi alle tilgang til norsk. Det offentlege har eit stort ansvar for å spreie kunnskap om fleirspråklegheit og å skape forståing for at fleirspråklegheit er ein ressurs, ikkje ei bør.

Kva råd vil du gi? Korleis kan vi utnytte fleirspråklegheit til noko positivt i klasserommet og i samfunnet elles?

Språkmangfald i arbeidslivet

På en arbeidsplass i Oslo går alarmen en tidlig morgen. Et stillas har falt ned. Arbeidslederen denne dagen, en polakk som har vært flere år i Norge, kan ikke ringe ambulansetjenesten og forklare hvor de er. Han snakker verken norsk eller engelsk. [...] det er én person i arbeidsstokken som kan gjøre seg forstått når det trengs. Han er imidlertid ikke på jobb denne dagen, og konsekvensen er fatal. Hjelpen kommer for sent.

Språkrådets framtidsutval, 2018

Anten du skal ut i arbeidslivet eller studere vidare etter at du er ferdig på vidaregåande skule, vil du møte på eit fleirspråkleg miljø. Til dømes er over ein tredjedel av arbeidsstokken i byggenæringa utlendingar, og arbeidslivet vil bli multinasjonalt òg i framtida. Du kjem heilt sikkert òg til å bruke engelsk – kanskje berre ein gong i blant, eller kanskje som det einaste språket. Engelsk er nemleg i ferd med å fortrenge norsk både i akademia og på ulike område innanfor arbeidslivet.

Utfordringar og ansvar

På ein fleirspråkleg arbeidsplass kan det sjølvsagt oppstå kommunikasjonsproblem. I dømet over fører det til dødsfall. Undersøkingar viser òg at dei som ikkje kan norsk, blir rekna som dårlegare arbeidskraft med dårlegare lønn og arbeidsvilkår. I tillegg er det påvist at ungdom vegrar seg for å søke bygg- og anleggsfag fordi bransjen er dominert av utanlandsk arbeidskraft. Det påverkar òg lønnsutviklinga, og gjer det vanskeleg å skape ein sosial fellesskap på jobb.

Vi har først og fremst eit behov for god norskopplæring og lovfesta rettar for arbeidstakarane. Ansvaret ligg både hos styresmaktene, arbeidsgivarane og arbeidstakarane sjølv.

Tenk over: Har du konkrete planar for eiga jobbframtid? Kva veit du om språkforholda i den framtidige jobbkvardagen din?

Norsk i skulen i ei meir global verd

Skulen er viktig for språkopplæringa, og der står norskfaget sentralt. Men både skulen og norskfaget er i endring. Auka innvandring, digitalisering av klasserommet og engelskpåverknad er samfunnstrendar som påverkar skulen. Sju prosent av elevane i landet får særskild norskopplæring fordi dei har eit anna morsmål enn norsk. I Oslo er talet 20 prosent. Dessutan forandrar digitaliseringa kva og korleis vi les og skriv på skulen. Meir går føre seg på skjerm, og framleis er mange av dei digitale hjelpemidla engelskspråklege. Det gir dårlegare kår for norsk – særleg nynorsk.

Tenk over og diskuter: Kva for nokon fordelar og/eller ulemper ser du med at du har kunstig intelligens, omsetjingsprogram, digitale ordbøker og internett tilgjengeleg når du lærer deg språk?

Utfordringar

Alle bør kunne få grunnleggande lese- og skriveopplæring på morsmålet sitt, og skulen må utnytte det fleirspråklege klasserommet som ein ressurs. Samtidig er det viktig å sørge for at alle får lik anledning til å lære norsk. God kompetanse i hovudspråket er viktig for god deltaking i samfunnet, for kommunikasjon mellom det offentlege og innbyggarane, og for den nasjonale fellesskapen. Deltaking, kommunikasjon og fellesskap er avgjerande for eit velfungerande demokrati.

Samtidig blir verda stadig mindre, og vi blir stadig meir internasjonale. Engelsk er i Noreg og verda, og vi treng gode engelskkunnskapar. Derfor må skulen sørge for god norskopplæring så vel som god engelskopplæring.

Når det gjeld digitaliseringa i klasserommet, må vi mellom anna jobbe for at elevar får oppfylt dei språklege rettane sine. Det gjeld mellom anna elevar med nynorsk som hovudmål, som har krav på nynorske læremiddel.

Særlege utfordringar for nynorsk

Sjølv om nynorsk og bokmål er likestilte, har nynorsk vanskelegare levevilkår. Nynorsk er under press, og som mindretalsspråk i skulen og i samfunnet får det særbehandling. Elevar med bokmål som hovudmål er omgitte av bokmål, mens elevar med nynorsk som hovudmål har mange færre språklege førebilete. Dessutan er læringsressursane på bokmål både fleire og i mange tilfelle betre enn ressursane på nynorsk. Dette er særleg utfordrande i ei tid der læringsressursane i stor grad er digitale – og berre eksisterer på bokmål eller engelsk. Attpåtil opplever mange nynorskbrukarar at skriftspråket deira har lågare status enn bokmål.

Korleis løyser vi utfordringane for nynorsk?

Språkrådet framtidsutval (2018) foreslår følgande for å styrke nynorsken sin posisjon:

  • Elevar med nynorsk som hovudmål må møte meir nynorsk i skulen.

  • Det må bli strengare reglar for språk i læringsressursar.

  • Vi må vurdere om elevar i ungdomsskulen skal ha rett til undervisning på hovudmålet sitt saman med andre elevar med same hovudmål.

  • Dagens sidemålsordning med eigen eksamen og standpunktkarakter kan gjerast annleis – så lenge formålet er å styrke nynorsken sin posisjon i skule og samfunn.

  • Elevane bør vurderast i nynorsk og bokmål i staden for sidemål og hovudmål for å gjere tydeleg kva for ein kompetanse elevane faktisk har i dei to skriftspråka. Elevar med andre morsmål enn norsk bør få anledning til å lære begge skriftspråka.

Domenetap – engelsk erstattar norsk

Han sitter midt i forelesningssalen på et norsk universitet og hører foreleseren legge fram dagens oppgaverHa på engelsk, ikke engang godt engelsk. Men all faglitteratur er på engelsk, alle fagtermer er det. Han vet han kommer til å skrive masteroppgaven sin på engelsk. På hans fagområde er det nesten ingen som skriver på norsk lenger.

Språkrådets framtidsutval, 2018

Internasjonaliseringa i samfunnet fører til at norsk blir erstatta av engelsk på fleire område, som i dømet ovanfor. Når eit språk blir erstatta av eit anna innanfor eit bestemt samfunnsområde på denne måten, kallar vi det domenetap. I verste fall forsvinn norsk heilt.

Kvifor bør vi unngå domenetap?

Norsk må kunne brukast til å formidle spesialisert kunnskap dersom språket skal fungere som samfunnsberande språk i framtida. Viss engelsk tek over i høgare utdanning til dømes, forsvinn norsk fagspråk for det fagområdet. Og sidan det òg kan vere veldig varierande kvalitet på den engelsken som blir brukt i undervisninga, kan norske studentar ende opp med eit fagspråk som verken er godt nok på engelsk eller norsk. På same tid viser undersøkingar at arbeidsgivarar trekker fram norskkunnskapar som den viktigaste språkkompetansen.

Kort sagt:

For å beskrive språksituasjonen i Noreg i dag, kan vi bruke seks hovudkategoriar:

  1. Mediespråk i endring

  2. Ein språkteknologisk kvardag

  3. Det fleirspråklege Noreg

  4. Språkmangfald i arbeidslivet

  5. Språk i skulen

  6. Språkval i akademia

Kva hugsar du frå det du har lese? Skriv ned stikkord til kvart punkt. Bruk punkta og stikkorda til å samanfatte språksituasjonen i dag saman med ein medelev.

Saknar du noko? Er det nokon moment du meiner burde vore med som manglar? Sjekk om det står noko om det i språklova frå 2022. (Tips: Trykk ctrl+F eller cmd+F og skriv inn ordet du vil leite etter i søkefeltet.)

Kjelder

Schwach, V. & M. Elken (2018). Å snakke fag på et språk andre forstår. Norsk fagspråk i høyere utdanning og arbeidsliv. NIFU-rapport 2018:20. Henta frå https://sprakradet.no/wp-content/uploads/NIFU_rapport_2018.pdf (mars 2021)

Språkrådets framtidsutvalg (2018). Språk i Norge - kultur og infrastruktur. Gitt ut oktober 2018. Henta frå https://sprakradet.no/wp-content/uploads/sprak-i-norge-kultur-og-infrastruktur.pdf (mars 2021)

Relatert innhald

Fagstoff
Språkstyring i Noreg

Norsk språkstyring handlar om norsk språkpolitikk og språknormering før og no.


Skrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2024