Oppgåve
Interaktivt innhald
Kvar, kor eller der?
Øvingsoppgåver om bruk av orda kor, kvar og der på nynorsk.
Oppgåve 1
Sjå på eksempelsetningane nedanfor. Kan du formulere ein regel for når vi skal omsette hvor med kvar eller kor, og når vi skal setje det om med der?
Bokmål | Nynorsk |
|---|---|
Hvor bor han? Vet du hvor han bor? Hvor langt er det herfrå til Kirkenes? | Kvar/kor bur han? Veit du kvar/kor han bur? Kor langt er det herfrå til Kirkenes? |
Stiklestad er stedet hvor/der kong Olav den hellige døde. | Stiklestad er staden der kong Olav den heilage døydde. |
Oppgåve 2
Oppgåve 3
No skal du få ei lita nøtt å knekke:
Kvifor må vi bruke kvar/kor i setning 1, men der i setning 2, tru?
- Ho spurde kvar/kor Isak bur.
- Ho kjenner byen der Isak bur.