Skriv essay som Knausgård - Skriv eit Knausgård-inspirert essay - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Skriv essay som Knausgård

Øving

Skriv eit Knausgård-inspirert essay

Du har fått (eller valt) eit tema du skal skrive essay om. Når du har jobba deg gjennom alle punkta i idéutviklinga og sett døme på Knausgård sine verkemiddel, er det på tide å setje saman idéar og verkemiddel.

Du skal bruke dine eigne stikkord som utgangspunkt og herme etter Knausgård sin stil. Ta for deg kvart verkemiddel, og la deg inspirere av sitata som viser korleis Knausgård formulerer seg. Slå deg laus når du skriv inn i malen under. Dette er ein kladd. Finpussinga gjer du heilt til slutt.

Skriv ferdig teksten din

Bruk desse råda når du skal gjere alt forarbeidet om til eit ferdig essay:

  • Prøv å skrive små avsnitt til kvart av verkemidla i skrivemalen over.
  • Det kan vere lurt å skrive fleire forslag til kvart verkemiddel.
  • Når du har skrive deg gjennom alle verkemidla, sorter det du har skrive i avsnitt.
  • Hugs at ein skal kunne lese teksten som ei tankerekke. Det skal vere ein raud tråd som er lett å følgje, så sjekk at du held deg til temaet gjennom heile teksten.
  • For å få til god flyt, må du sjå på korleis du bind saman teksten. Pass på at siste setning i eit avsnitt leiar til første setning i neste avsnitt.
  • Du lagar overgangar mellom avsnitta heilt til slutt.
  • La en medelev eller læraren lese gjennom teksten din og kome med innspel før du eventuelt leverer teksten til vurdering.
Skrive av Marthe Johanne Moe, Lene Lie og Majken Boysen.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2018

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Skriv essay som Knausgård

Gå til faget: Norsk (SF vg2)

Gå til emne: Å skrive essay