Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Russelåtar og kvinnesyn

Er russelåtane uskyldig moro eller kvinnefiendtlege? Ta eit kritisk blikk på tekstane og debatten som er knytt til dei.

Klassediskusjon

Dei siste åra har russelåtane fått mykje kritikk for kvinnesynet i tekstane. Dette er eit sitat frå sangen til russebussen Playboy i 2017:

Si meg, hvor mye må jeg betale for å få noe fitte her? Er du 13, er du med.
Når du suger, så gå ned. Spruter deg i trynet og skriker samme de [...]

Er du søtten er du med/Når du suger så gå ned/Er du deilig så skal du få smake pikk [...]

Før de set i gong diskusjonen, kan det vere greitt å få nokre tips om korleis vi kan få til dei gode diskusjonane. Det finn de i artikkelen "Slik får vi betre diskusjonar".

  1. Les desse to artiklane og diskuter kven de er mest einige med. Grunngi standpunktet!
    Russelåter vekker avsky (dagsavisen.no)
    Russepappa forsvarer grove russelåter (nrk.no)

  2. På kva måte kan slike tekstar påverke likestillinga mellom kjønna?

  3. Kor lett er det å seie frå når nokon bruker nedsetjande ord om kvinner?

  4. Kor lett er det å seie frå når nokon bruker nedsetjande ord om menn?

Ekstra

Kva skjer når rollene blir snudde om i denne parodien med Piateed? Kva effekt har ein slik parodi på debatten om temaet?

Verdiløs, ein parodi på russelåtar på YouTube

Relatert innhald

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 19.08.2026