Robinson Crusoe

Bakgrunn
Daniel Defoe si historie om Robinson Crusoe blei første gong gitt ut i 1719. Boka handlar om ein ung mann som forliser på ei reise frå England til Guinea. Som einaste overlevande blir han skyld i land på ei aude øy langt frå sivilisasjonen. Defoe var openbert inspirert av den populære forteljinga om Alexander Selkirk og hans «Cruising Voyage Round the World». Selkirk hadde stranda på ei øy i fem år. Historia, som blei fortald av kapteinen på skipet som redda han, blei gitt ut i 1712.
Når mennesket må stole heilt og fullt på seg sjølv
Boka om Robinson Crusoe sine eventyr passar utmerkt med det som var den kulturelle dagsordenen i opplysningstida. Crusoe sine dagboknotat er nøyaktig nedskrivne observasjonar, førte i pennen av ein hovudperson som måtte kjempe mot den utemde naturen for å overleve. Med det han kan redde av verktøy og utstyr frå forliset, bygger han sitt eige vesle univers, der han gjer bruk av kva han kan finne av råvarer på øya. Han må stole heilt og halde på seg sjølv, fordi, som han seier: «Eg kunne ikkje vente på noka guddommeleg innblanding.»
Fredag – Robinson sitt opplysningsprosjekt
Og det er ikkje berre naturen som er vill og utemd. Robinson møter brutale kannibalar som kjem til øya for å feire at dei har teke fangar frå ein annan stamme. Han reddar ein av desse fangane som er i ferd med å bli eten av dei brutale fiendane sine, og gir han namnet Fredag. Dei to endar opp i eit ganske særeige forhold; Fredag blir så å seie Robinson sitt eige opplysningsprosjekt. Frå å vere ein villmann blir Fredag opplært til å bli eit sivilisert menneske. Han får lære om kristendommen og korleis ein engelsk gentleman bør opptre.
Som god opplysningsmann kjempar Robinson slik mot det primitive og udanna og skaper eit sivilisert samfunn gjennom ei systematisk og vitskapleg tilnærming.
Robinsonadar
Der finst ei rekke historier om personar som hamnar på ei aude øy og må klare seg med det øya har å tilby. Slike historier vert kalla robinsonadar. I vår tid har dei blitt inspirasjon for ei rekke teikneseriar, filmar og realityseriar på TV.
Til ettertanke
Hadde Lars Monsen oppført seg på same måten som Robinson Crusoe dersom han hadde hamna på ei aude øy? Diskuter dette med ein klassekamerat og grunngi synspunkta dine.
Relatert innhald
Dei politiske ideane i opplysningstida slo ut i full blomst i den amerikanske og den franske revolusjonen.