Naboar, men forstår vi kvarandre? - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Naboar, men forstår vi kvarandre?

Det området vi kallar Norden, består av Finland, Sverige, Danmark, Færøyane, Grønland, Island og Noreg. Men forstår vi nordbuarar kvarandre?
Skandinavisk ungdom snakkar om morsmål, dialekt og nabospråk. Video: Snøballfilm / CC BY-NC-ND 4.0

Kva er Norden?

Norden består av Grønland, Island, Færøyane, Noreg, Danmark, Sverige og Finland. Om du ser på kartet til høgre, er dei nordiske landa markerte med blått og lyseblått. Dei mørkeblå landa markerer i tillegg kva vi reknar som Skandinavia.

Kva er nordiske språk?

I Norden blir det ikkje berre snakka nordiske språk. Nemninga "nordiske språk" blir nemleg brukt om ei grein av den større indoeuropeiske språkfamilien. Om du ser på språktreet til høgre, er det språka som her blir kalla "nordgermanske" som er rekna som nordiske, og det er norsk, svensk, dansk, islandsk og færøysk.

Kva andre språk blir snakka i Norden?

I tillegg til dei nordiske språka, blir det snakka finsk, samisk og grønlandsk i Norden. Finsk og samisk høyrer til den finsk-ugriske språkfamilien, medan grønlandsk høyrer til eskimoisk-aleutiske språk. Det finst sjølvsagt òg ei rekkje språk som innvandrarar til dei nordiske landa har teke med seg, men her skal vi konsentrere oss om dei opphavlege nordiske språka.

Forstår vi kvarandre i Norden?

Diskuter før de les:

Kven trur de har best – og kven trur de har dårlegast –nabospråkforståing i Norden? Grunngi svaret dykkar.

Det har blitt forska på nabospråkforståinga blant ungdommar i Norden. I 2005 publiserte Nordiska Språkrådet den vitskaplege artikkelen "Håller språket ihop Norden? En forskingsrapport om ungdomars förståelse av danska, svenska och norska". Han viser følgjande:

  1. Nordmenn har best nabospråkforståing i Skandinavia. Her vinn vi faktisk klart over dei skandinaviske naboane våre.
  2. Nordmenn og svenskar forstår skriftleg dansk betre enn munnleg dansk.
  3. Svenskane forstår norsk betre enn dei forstår dansk, og danskane forstår norsk betre enn dei forstår svensk. Svenske og danske ungdommar forstår kvarandre svært dårleg når dei pratar saman.
  4. Finnar har dårlegast nabospråkforståing av alle i Norden (bortsett frå dei som har svensk-finsk som morsmål).
  5. Ser vi ikkje berre på Skandinavia, men heile Norden, er det færøyske ungdommar som forstår nabospråka sine aller best.

Kvifor er det slik?

Når språkforskarar undersøkjer nabospråkforståinga, er dei òg opptekne av å finne ut av kva som kan vere årsaka til at ho er så ulik i dei skandinaviske landa. Når det gjeld finnane, så er det lett å forklare kvifor dei har dårleg nabospråkforståing: Morsmålet deira høyrer til ein heilt annan språkfamilie enn dei andre store språka i Norden.

Men kvifor er nabospråkforståinga relativt dårleg blant nordiske ungdommar? Og kvifor er nordmennene best i Skandinavia? Forskarane peikar på følgjande forklaringar:

Norsk midt i mellom

Vi kan først sjå på ei av årsakene til at norske ungdommar har best nabospråkforståing: Noreg og Sverige grensar mot kvarandre. Folk har bevega seg mellom dei to landa til alle tider. Norsk og svensk liknar derfor ganske mykje på kvarandre i uttale, og dette kan vere årsaka til at vi forstår svenskane betre når dei snakkar enn når danskane gjer det. Det forklarer òg kvifor svenskane forstår oss betre enn dei forstår danskane.

Samtidig som vi har uttalen felles med svenskane, deler vi skriftspråket med danskane. Vi skreiv dansk fram til unionsskiftet, og dagens bokmål er ei gradvis fornorsking av dansk skriftspråk.

At vi deler skriftspråk og ordforråd med danskane, og lydsystemet med svenskane, gjer at vi inntek ein mellomposisjon som kan forklare den gode nabospråkforståinga vår.

Dialektar og språkmangfald

Ei anna årsak til at Noreg er best på nabospråkforståing i Norden, kan vere at vi er vande til å høyre så mange ulike dialektar. Ikkje minst har dialektane blitt brukte på TV og i radio, og det har gjort oss vande til eit språkleg mangfald. Rett nok har det blitt vanlegare å snakke dialekt i svenske medium i det siste, men tradisjonelt har det blitt prata eit standardisert riksmål i svenske og danske medium.

Nordmenn er altså opptekne av dialektar, men dette kan òg føre til at svenskar og danskar har problem med å forstå oss. Norsk høyrest ganske ulikt ut om du til dømes samanliknar fredrikstaddialekta med måten sogndølinger snakkar på. Ein del dialektar har nok svenskane og danskane problem med å forstå. Kanskje synest du òg somme dialektar er vanskelegare enn andre?

Dansk hurtigsnakk og mumling

Om vi ser på årsaker til at norske og svenske ungdommar forstår danskane dårleg, så kan vi peike på eit par særeigenheiter ved dansk: Faktisk viser forsking at danskane snakkar 40 % fortare enn svenskane (Husøy, 2009). I tillegg har danskane "stød" og mange stumme lydar, noko som fører til at mange opplever at dei som snakkar dansk mumlar, eller som om dei snakkar med "ei potet i halsen".

Norske og svenske særeigenheiter?

Danskane forstår norsk skriftspråk betre enn norsk tale. Mykje av dette botnar sjølvsagt i at bokmål stammar frå dansk. Også svensk tale har danskane problem med. Forskarane peikar på nokre særeigenheiter i dei to nordskandinaviske språka som kan forklare dette:

  1. Skj- og sj- og kj-lyden: Når vi seier "skjere", seier danskane "skære", når vi seier "kjære" seier danskane "kære" og når vi seier "sjø", seier danskane "sø". Dei tre lydane skj-, sj- og kj- finst ikkje på dansk, og det som ikkje finst, kan vere vanskeleg å forstå. Også svenskane bruker desse lydane.
  2. Retrofleks: Slår du saman r- og t-lyden når du seier "ert" og "hardt"? Då har du retrofleks i dialekten din, og sannsynlegvis bur du på Austlandet eller i Midt-Noreg. Den same lyden har store delar av Sverige, men danskane manglar den heilt. Dei skarrar på r-en og har derfor ikkje retrofleksar.
  3. Tjukk l: Den tjukke l-en er ikkje særleg vanleg i Europa, men vi har han i ein del dialektar i Noreg og Sverige. Danskane har han ikkje. Men legg merke til at ein tendens i norske dialektar er at den tjukke l-en er på veg bort.

Haldningar

Språkforskarane meiner at haldningar er ein viktig faktor i nabospråkforståinga. Det kan hjelpe oss til å forstå kvifor skandinaviske ungdommar ofte slår om til engelsk når det møter kvarandre. Om du har ei positiv innstilling og ønskjer å forstå nabospråket, vil du lykkast betre enn om du ikkje prøver.

I undersøkinga frå 2005 svarar dei skandinaviske ungdommane at dei heller vil flytte til og/eller studere i England og USA enn i Skandinavia. Dei svarer òg at engelsk er både finare og lettare å forstå enn nabospråka. Særleg dansk får gjennomgå: Både svenskane og nordmennene synest at dansk er eit "stygt" språk. Desse haldningane kan direkte overførast til nabospråkforståing, meiner forskarane: "De som tycker att eitt språk är fint har också lättare att förstå det" (Delsing & Åkesson, 2005, s 109)

Er SKAM redninga?

Men visste du at den norske TV-serien SKAM kan ha bidrege til å endre språkhaldningar i Sverige og Danmark? Den aller beste måten å lære eit anna språk på, er å lytte til det. Og Skam blei svært populær i nabolanda våre. Dei såg på serien og lytta til norsk språk. Det gjekk til og med så langt at danskane og svenskane byrja å bruke norske ord.

Når vi lyttar til andre språk på denne måten, skjer ei såkalla implisitt språklæring. Det vil seie at målet ikkje er å lære eit nytt språk, men at innlæringa skjer automatisk og ubevisst når danskane og svenskane lyttar til norsk. Svenske og danske ungdommar oppgir at dei har blitt betre i norsk etter å ha sett serien, og dei har òg fått betre haldningar til språket vårt. (Framtida.no, 2017)

Kvifor vann færøyingane?

Færøyingane er best til å forstå nabospråka. Dei forstår dansk og norsk betre enn nokon andre i Norden, og dei forstår svenskane nestbest, etter oss.

Kvifor er det slik?

Først og fremst er færøysk eit språk som delar vokabular med både norsk, svensk og dansk. I tillegg lærer færøyske elevar dansk på skulen, og dansk skriftspråk har – som vi har sett – mykje til felles med det norske.

Hugsar du kva vi skreiv om haldningar tidlegare? Også dette kan spele inn når vi skal tolke resultata. På spørsmål om kvar Nordens ungdommar kunne tenkje seg å flytte for å studere, føretrekte færøysk ungdom dei skandinaviske landa som studiestad framfor USA og England. Dei syntest òg at dei skandinaviske språka er finare enn engelsk. Her skil dei seg altså frå norsk, svensk og dansk ungdom.

Nabospråkforståing i framtida

Mange som er opptekne av nabospråk, er engstelege for om vi i framtida vil slå over til engelsk med ein gong vi reiser over landegrensa. Dei er opptekne av å behalde den nordiske identiteten og ønskjer at språkmangfaldet skal bestå. Vi skal kunne snakke norsk til svenskar og danskar, og dei skal svare oss på morsmåla sine. Korleis skal vi verne det nordiske språkmangfaldet oss i mellom?

Ansvaret til skulen

Eit viktig tiltak er naturleg nok meir nabospråkundervisning i skulen. Elevane må lese svensk og dansk, og dei kan sjå danske og svenske filmar utan tekst.

Ansvaret til media

Men endå viktigare er nok den ubevisste språkinnlæringa som skjer på fritida. Fleire i den eldre generasjonen har lært seg godt svensk fordi dei har sett mykje svensk TV. I dag blir svenske og danske TV-seriar for barn ofte dubba til norsk. Dette hemmar nabospråkforståinga. Det same må skje i Danmark og Sverige: Skandinaviske seriar bør ikkje dubbast, heller ikkje om målgruppa er barn.

Ansvaret til individet

Sist, men ikkje minst: Vi må ikkje gi opp! Når vi møter naboane våre, bør vi snakke norsk, men vi kan justere språket vårt ved å snakke seint og tydeleg. Oppmuntre gjerne ein svenske eller danske til å snakke språket sitt tilbake: "Nei, ikkje engelsk, snakk skandinavisk!"

Diskuter:

Kva fordelar og/eller ulemper kan det ha om vi alltid slår over til engelsk når vi snakkar med svenskar og danskar?

Kjelder

Delsing L-O-, Åkesson K.L. (2005). Håller språket ihop Norden? En forskingsrapport om ungdomars förståelse av danska, svenska och norska. Henta frå https://portal.research.lu.se/portal/files/5905032/625654.PDF

Framtida.no (2017, 20. juni). Skam endrar svensk språk.

Husøy. S (2009, 9. oktober). Derfor skjønner vi ikke danskNRK.no

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2021