"Ja, vi elsker" som samansett tekst
Skriv ei attforteljing av nasjonalsongen med eigne ord.
Samanlikn attforteljinga i grupper.
Diskuter deretter i klassen: Kor godt kjenner de innhaldet i songen?
Skriv opp alle momenta de hugsar på tavla.
Les og lytt til songen og diskuter desse spørsmåla i grupper:
Kor mykje hugsa de eigentleg av songen frå før?
Kva vil de seie er dei viktigaste nasjonsbyggjande motiva Bjørnstjerne Bjørnson brukar i songen?
Rangar forståinga dykkar av innhaldet i nasjonalsongen på ein skala frå 1–10.
Var det noko av teksten de ikkje forstod? Skriv i så fall ned eit par moment. Diskuter deretter i klassen kva desse delane av teksten kan bety.
Du kan lese og høyre songen i artikkelen "Ja, vi elsker".
No kan de velje om de vil lage ein teikneserie eller ei digital forteljing av teksten til "Ja, vi elsker". Målet er å lage eit kreativt produkt, men også å utforske teksten. For å lage illustrasjonane, må de nemleg forstå kva for historiske hendingar Bjørnson refererer til i teksten.
Eit døme:
Slik går de fram:
Vel sjølv om de vil jobbe åleine eller i par. "Dekonstruer" (ta for dykk bit for bit) ei og ei strofe slik at de finn ut kva for historiske hendingar Bjørnstjerne Bjørnson refererer til i songen.
Lag deretter ei visuell framstilling av hendingane. De vel om de vil teikne for hand, finne kjende måleri/illustrasjonar av hendingane eller bruke eit teikneprogram.
Kvart bilete/illustrasjon skal følgjast av teksten til Bjørnstjerne Bjørnson.
Vis fram forteljingane dykkar til kvarandre og fortel kva val de gjorde undervegs.
Diskuter om igjen: "Kva vil de seie Bjørnstjerne Bjørnson først og fremst bruker som nasjonsbyggjande motiv i songen?"
Rangar forståinga di av innhaldet i nasjonalsongen på ein skala frå 1–10.
Gro Dahle vann i 2002 ein uhøgtideleg konkurranse om å lage Noregs nye nasjonalsong med teksten "Norge i fløtesaus". Det er ei omskriving av "Ja, vi elsker".
Les gjennom songen og skriv ned det du meiner er tema og bodskap i teksten. Samanlikn deretter det du har skrive med andre i klassen.
Diskuter: Korleis meiner de Gro Dahle framstiller Noreg og nordmenn?
Kva verkemiddel bruker Gro Dahle i teksten?
Då Dahle vann konkurransen, skreiv juryen i grunngivinga at teksten er satirisk, men at han òg viser kjærleik til kongeriket Noreg.
Åleine:
Lag ein tabell med to kolonnar der det står "satire" som overskrift i den eine kolonnen og "kjærleik til Noreg" i den andre. Skriv deretter ned kva de meiner er satire, altså kva sider ved Noreg og nordmenn Dahle gjer narr av i den eine kolonnen, og kva sider ved Noreg og nordmenn ho viser kjærleik for i den andre.
Diskuter i plenum:
Kva meiner de er typisk norsk? Lag ei liste over både gode og dårlege eigenskapar ved Noreg og nordmenn.
Når blir de stolte over å vere norske?
Når blir de flaue over å vere norske?
Korleis hadde dykkar drøyme-Noreg sett ut?
Diskuter i grupper:
Bjørnstjerne Bjørnsons tekst er høgtideleg og søkjer til historia for å hylle Noreg, mens Gro Dahles tekst er satirisk og har nok ikkje som mål å hylle Noreg og nordmenn. Korleis kan konteksten forklare form og innhald i dei to tekstane?