Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

I djupna på tekst i kontekst

Når du les tekstar, skal du setje dei inn i sin eigen kontekst. Men kva rommar eigentleg omgrepet kontekst? Og kvifor heiter det "tekst i kontekst", men ikkje "kontekst i tekst"?

Kva er "tekst i kontekst"?

Sjå filmen før du les vidare (lengde 8:58).

Tekst i kontekst. Video: Terranova Media / CC BY-ND 4.0

Kontekst – noko som er vove saman

I videoen Tekst i kontekst forklarer Henning Fjørtoft at ordet kontekst betyr "noko som er vove saman". Når vi snakkar om tekst i kontekst i norskfaget, handlar det om

  1. korleis ein tekst heng saman med andre tekstar

  2. korleis teksten er påverka av hendingar i fortid og notid

Kort sagt: Korleis blir teksten påverka av det som skjer og har skjedd?

Tekst i kontekst på 1800-talet

Henning Fjørtoft seier at når vi skal forstå ein tekst i kontekst, må vi sjå på både den kulturelle og den historiske konteksten. Men kva betyr det eigentleg?

Diskuter

Sjå på måleriet Brudeferd i Hardanger av Adolph Tidemand og Hans Gude under. Diskuter med ein medelev:

  1. Kva er den historiske konteksten til måleriet? Altså: Kva hadde skjedd på 1800-talet som kan forklare at Tidemand og Gude måla biletet?

  2. Kva er den kulturelle konteksten til måleriet? Altså: Korleis kan andre tekstar ha påverka Tidemand og Gude til å måle biletet?

Brudeferd i Hardanger og kulturhistorisk kontekst

Historisk kontekst

Den historiske konteksten til måleriet er at det blei måla i ei tid då kunstnarar og forfattarar var veldig opptekne av å vise det som var spesielt med Noreg. Årsaka var at Noreg hadde fått eiga grunnlov og blitt fritt frå unionen med Danmark i 1814. Rett nok var vi framleis i union med Sverige, men 1814 gav likevel ein smak på sjølvstende. Derfor blei den norske naturen eit viktig motiv i kunsten og litteraturen.

Kulturell kontekst

Men det var ikkje slik at Tidemand og Gude og andre norske kunstnarar fann opp den mektige og vakre naturen som eit motiv i kunsten. I Europa hadde kunstnarar og forfattarar lenge måla og skrive om kultur, folk og nasjonal identitet. Den tyske filosofen Johann Gottfried von Herder inspirerte mange kunstnarar. Han meinte at eit folk og ein nasjon hadde ein felles identitet, ei sjel.

Både Herder og europeiske kunstnarar inspirerte nok Tidemand og Gude til å måle biletet.

Kulturhistorisk kontekst

Den kulturhistoriske konteksten til biletet er altså at både dei historiske hendingane i Noreg og utanlandske tekstar inspirerte Tidemand og Gude til å måle motivet. Vi kallar perioden for nasjonalromantikken.

Du har kanskje høyrt om omgrepa romantikken, realismen og naturalismen? Dette er alle namn på epokar som skal fortelje oss noko om kva som var typisk for kunsten på si tid. Når du jobbar med å forstå både den historiske og kulturelle konteksten ein tekst kom ut i, jobbar du med den kulturhistoriske konteksten.

Tenk over

Studer biletet under. Det heiter Oljeferden i Hardanger og blei måla i 1975 av Rolf Groven.

  1. Korleis er biletet ein til Brudeferd i Hardanger?

  2. Samanlikn den kulturhistoriske konteksten til dette biletet med Brudeferd i Hardanger av Tidemand og Gude.

Å sjå på gamle tekstar med eit moderne blikk

I norskfaget skal du ofte samanlikne eldre og nyare tekstar. Kvifor er det slik?

Å sjå likskapar – det allmennmenneskelege

Håpet er at når du les om Gunnlaug Ormstunge som levde på 1000-talet, vil du forstå han betre om du spør deg sjølv: "Korleis ville ein norsk mann på 2000-talet reagert om ein mann med namnet Ravn prøvde å stele kjærasten hans?"

At svaret er "Han ville nok ikkje utfordra han til duell på ein holme", viser at konteksten, og med det samfunnet, har forandra seg. Samtidig er det ikkje heilt usannsynleg at kjæraststeling på 2000-talet hadde ført til slåstkamp.

Slik kan du forstå at sjalusi og sinne er allmennmenneskelege kjensler som finst uansett kontekst.

Å sjå ulikskapar – når konteksten forandrar seg

Når du les dikt frå 1600-talet, vil du legge merke til at alt – både fortid, liv og etterliv – handlar om Gud. Og då går det an å spørje seg sjølv: "Kan vi eigentleg forstå desse menneska? Korleis var dei, og kva påverka dei?"

Og kva seier det om ungdomsgenerasjonen på 70-talet når Jens Bjørneboe, som hata autoritetar, var ein hit blant norske skuleelevar? Vidare kan vi spørje kva det seier om dagens ungdommar at dei kanskje ikkje heilt forstår dette opprøret?

Det er dette blikket som kan auke innsikta både i fortida og i tekstane ho tilhøyrer. Samtidig kan denne innsikta gjere at vi forstår oss sjølve litt betre.

Relatert innhald




Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 19.05.2026