Korleis påverkar samfunnet språket? - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Korleis påverkar samfunnet språket?

Språket speglar samfunnet og kulturen vi lever i. Når kultur og samfunn endrar seg, påverkar det språket.

Før du les, tenk over:

Korleis blir akkurat ditt språk påverka av det samfunnet du lever i?

Diskuter gjerne i grupper eller i klasserommet etterpå.

Språk og samfunn

Ein av dei mest grunnleggjande funksjonane til språket er å setje ord på verda og tankane våre om verda. Vi kan seie at språket speglar samfunnet vi lever i. Då er det ikkje så rart at språket og språksituasjonen endrar seg i takt med samfunnet.

Eit døme

Den vesle historia under kunne vore heilt autentisk om ho blei skriven for 40 år sidan – på 1980-talet. Forstår de alle orda?

Å nei, eg har fått skikkeleg bandsalat i kassetten fordi eg skulle spole. Då er det på tide å trekkje fram sjekkheftet og bruke fyllepennen til å skrive nokre kråketær og kjøpe ein ny. Faktisk blei disketten eg hadde òg øydelagd då eg skulle kreppe håret og fekk floppydisken inni kreppmaskinen. No gjeld det å passe på, så ikkje VHS-en eg lånte saman med movieboxen går same vegen.

Men det får vente til i morgon, no skal eg ut og bruke ljåen. Det er på tide å hesje. Må berre vaske av meg augesverta først.

Kanskje forstår de både "kassett", "fyllepenn" og "ljå", men de bruker nok sjeldan omgrepa – kanskje aldri? Orda er nemleg i ferd med å forsvinne ut av det norske språket, fordi dei namngir ting som sjeldan blir brukt lenger. Musikk høyrer vi på, men ikkje på kassett, vi "strøymer". Vi skriv ikkje med fyllepenn, men på "tastatur". Ikkje driv vi og slår noko særleg med ljåen heller lenger. I staden har vi maskinar til å gjere denne tunge jobben for oss.

Planlagde og uplanlagde endringar

Vi menneske kan til ei viss grad planleggje språkutviklinga gjennom bevisst språkstyring. Det gjeld først og fremst for skriftspråket, og då skjer påverknaden planlagt. Til dømes har islendingane planlagt å halde språket sitt reint. Dermed lagar dei nye islandske ord når det kjem engelske omgrep inn i språket deira.

Men endringar i samfunnet fører òg til meir spontane, ubevisste endringar i språket. Det gjeld først og fremst for talespråket vårt, måten vi bruker språket på og språkhaldningane våre. Det er desse endringane som er tema for denne artikkelen.

Ulike former for samfunnsendringar

Språkendringar heng mellom anna saman med kulturelle endringar, teknologisk utvikling og endringar i kontaktmønsteret mellom folk.

Kulturelle endringar

Kulturelle endringar er eit vidt omgrep, men inneber mellom anna endringar i åtferd, tenkjemåte og korleis vi kommuniserer. Det kan òg dreie seg om endringar i visse fellestrekk innanfor ein nasjon, ein etnisitet eller andre større og mindre kulturar eller samfunn.

Eit døme på ei kulturell endring som smittar over på språket, er at vi ikkje bruker "De" og "Dykk" som høflegheitsfrasar lenger. Hanne Rustad, stipendiat ved Institutt for språk- og kommunikasjonsstudium ved NTNU forklarer endringa slik:

Nærhetsstrategier i kommunikasjonen har gjort sitt inntog i språket. Uttrykk som "De" og "Dem" markerer avstand. Vi har beveget oss mot et likere og mer homogent samfunn over mange år, og sammenlignet med mange andre land er Norge et samfunn hvor klasseskillene ikke er like tydelige.

(Haug, 2013)

Eit anna døme er bruken av ord om minoritetar som ikkje lenger blir rekna som akseptable. Har du beste- eller oldeforeldre som seier "neger"? Årsaka kan vere at dette var eit vanleg ord om mørkhuda personar for få tiår sidan. Folk var ikkje medvitne om at ordet er rasistisk, og at dei ved å bruke det nedvurderte andre menneske. Mange rekna ordet som nøytralt. I dag er det uhøyrt å bruke. Årsaka er at vi er blitt merksame på at ordet er rasistisk.

Teknologisk utvikling

Ljåen vi omtalte tidlegare har blitt erstatta av meir avansert grasklippings-teknologi. Det same har skjedd med både movieboxen, VHS-kassetten og disketten. Denne teknologiske utviklinga fører til ei heilt naturleg språkendring: Vi bruker ikkje orda i daglegtalen lenger, dermed forsvinn dei.

Endringar i kontaktmønster

Endringar i kontaktmønsteret mellom folk betyr rett og slett at vi endrar mengda av kontakt med andre, korleis vi kjem i kontakt, og korleis denne kontakten går føre seg. Viss vi lever i små einsarta samfunn, blir språket overlevert frå generasjon til generasjon og held seg nokolunde stabilt. Kjem vi i kontakt med andre menneske med andre språk, skjer det derimot ofte forandringar.

Til dømes peikar ein del forskarar på at eit eige "gamar-språk" er i ferd med å utvikle seg. Folk som gamar, møter ofte menneske frå heile verda, og på nettet er engelsk. Dette smittar over på både tale- og skriftspråket vårt. No er det slik at svært mange unge menneske gamar, eller dei bruker mykje engelsk av andre grunnar. Dermed er både tale- og skriftspråket i ferd med å endre seg. Kanskje vil norsk i framtida vere ein hybrid mellom norsk og engelsk? (https://gemini.no/2019/04/engelsk-lurer-seg-inn-i-norsk-grammatikk/)

Endringane i kontaktmønsteret smittar ikkje berre over på enkeltord, men også setningsoppbygging og grammatikk. Klarer du å sjå den dårlege norsken i døma under?

  • Det gjeld å stå ut frå mengda.

  • Eg veit ikkje med kven dei skal reise.

  • Noko eg berre tok frå toppen av hovudet mitt.

  • Når det kjem til sport, diggar eg det.

Fasit

Frasane med tjukk skrift er anglifiseringar. Dei er direkte omsett frå engelsk og ikkje god norsk:

  • Det gjeld å stå ut frå mengda.

  • Eg veit ikkje med kven dei skal reise.

  • Noko eg berre tok frå toppen av hovudet mitt.

  • Når det kjem til sport, er eg ikkje interessert.

Kan språket påverke samfunnet?

Vi har sett at språket speglar samfunnet, men det kan òg gå andre vegen. Språket formar og strukturerer den verda vi lever i og påverkar korleis vi opplever omgivnadene.

Språk og makt

Språket er ikkje objektivt, men byggjer på ulike verdsbilete. Og språkbruk påverkar oss. Viss nokon til dømes blir kalla "løgnar" eller "svikar" mange nok gonger, er det ein sjanse for at det festar seg som ei sanning hos mange – sjølv om sanninga er ein heilt annan. Eit menneske kan vere "terrorist" for nokon, "fridomsforkjempar" for andre. Den som har makt til å ytre sitt syn i eit samfunn, får òg makt til å spreie sin definisjon av røyndommen.

Språk og sosial rang

Då vi brukte høflegheitsformer i det norske samfunnet, var det med på å bestemme korleis vi skulle stille oss til menneske vi møtte. Når barn lærte kven dei skulle seie "du" til og kven dei skulle seie "De" til, påverka det oppfatninga til barna av kva plass dei og andre hadde i samfunnet.

Språk og kjønn

Det er ikkje lenger vanleg i Noreg å titulere ugifte damer med "frøken" og gifte damer med "fru", men det er framleis vanleg i ein del andre språksamfunn. Og på same måten som med høflegheitsformene, påverkar det menneska i samfunnet til å vie ekstra merksemd til sivilstanden til ei dame.

Relatert innhald

Kjelder:

Eide, E. (2018). Forskeren forteller: 2000 års språkendring utløyst av pest og velstand. Henta frå: https://forskning.no/forskeren-forteller-historie-kulturhistorie/forskeren-forteller-2000-ars-sprakendring-utloyst-av-pest-og-velstand/287947 (mai 2021).

Hansen, P.K. (u.å.). Hva er teknologi? Henta frå: https://www.naturfag.no/artikkel/vis.html?tid=1995107 (mai 2021).

Haug, C.S. (2013). Døh!? Hva skjedde egentlig med De og Dem? Henta frå: https://www.aftenposten.no/kultur/i/kalqq/doeh-hva-skjedde-egentlig-med-de-og-dem (mai 2021).

Rognø, L.M. (2019). Slik har teknologien endret hvordan vi snakker. Henta frå: https://www.vi.no/teknologi/slik-har-teknologien-endret-hvordan-vi-snakker/71105438 (mai 2021).

Theil, R. (u.å.). Lånord og arveord. Henta frå: https://spraakspalten.salaby.no/2020/05/27/lanord-og-arveord/ (april 2021)

Torp, A. og Vikør L.S. (2014). Hovuddrag i norsk språkhistorie. Gyldendal norsk forlag AS. Oslo.

Skrive av Åsa Abusland og Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2021