Historia og historiene om Noreg - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Historia og historiene om Noreg

Korleis vil du beskrive Noreg og kva som er typisk norsk? Mange av førestillingane om norsk identitet som blei skapte på 1800-talet, lever den dag i dag.

Skriv ned nokre stikkord: Reklamefilmen over er laga for å lokke utlendingar til landet vårt. Korleis blir Noreg framstilt?

Når du les vidare: Kva kjenner du igjen frå 1800-talet sine forteljingar om Noreg?

Noreg blir oppdaga

På mange måtar kan vi seie at Noreg blir oppdaga på 1800-talet. Norsk kultur og norsk historie blir i alle fall gjenoppdaga. I løpet av dette hundreåret utviklar Noreg seg frå å vere ein usjølvstendig nasjon til å bli ein stolt og sjølvbevisst nasjon.

Eit viktig bidrag til dette stod historiefaget for. Faget blei etablert som ein vitskap på byrjinga av 1800-talet, og også i Noreg veks det fram. Fleire norske historieverk blir skrivne i løpet av 1800-talet.

Også som turistnasjon vaknar Noreg no. Noreg blei sett på som eit eksotisk og vakkert reisemål, med fjell og fjordar, kulde og midnattssol. At landet var rikt på ressursar som fisk og vilt, trekte òg ein del turistar hit. I denne perioden blir det publisert mange reiseskildringar frå Noreg. Den Norske Turistforening blir stifta i 1868.

Forteljingar om Noreg

Bidraget litteraturen hadde til historia om Noreg, var viktig. Mange av forfattarane på 1800-talet skreiv litteratur som skildra og samtidig idealiserte Noreg. Det var særleg naturen og bondekulturen som blei skildra.

I 1819 skreiv Maurits Hansen novella Luren. På ei reise gjennom Gudbrandsdalen lèt han forteljaren, akademikaren Carl Møllmann frå Christiania, oppdage naturen og folkelivet i "det eigentlege Noreg". Her eit lite utdrag frå starten av novella:

Efter en temmelig besværlig Fodrejse stod jeg ved Solens Nedgang paa Højden, hvorfra med overraskende Ynde Dalen pludselig aabnede sin Favn for mit Blik. Jeg lod Bonden, der førte min kløvsadlede Hest, drage foran, og satte mig paa et Fjeldstykke for at beskue den blomstrende Dal. Bækkenes Rislen, Fuglenes Sang og de græssende Køers Klokker løde harmonisk i mit opladte Øre. Skyggerne bleve længere nedenfor mig – og mindede mig om at gaa ned. Imedens jeg klavrede ned ad Fjeldet, løde fjernt enkelte dybe Toner fra Luren, den arkadiske Lur.

Ole Vig (1824–1857) var lærar, redaktør og forfattar. Han er nok mest kjend for diktet "Blant alle lande", som nærast er eit kjærleiksdikt til norsk natur, språk og kultur. Det kjem godt fram i desse to strofene frå diktet:

Jeg elsker eder I gamle fjell,
med høye tinder og dype vell.
Med skog om barmen
og jern i armen
til tidens kveld.

Jeg elsker høylig mitt modersmål,
det klinger kraftig som herdet stål.
Fra hjertets grunne,
i folkemunne
hos Per og Pål.

På midten av 1800-talet skriv både Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson historiske skodespel, der handlinga går føre seg i vikingtida eller i norsk mellomalder, før dansketida. Både Ibsen og Bjørnson er inspirerte av nasjonalromantikken og skriv tekstar der nasjonsbygging er ein klar motivasjon.

Bjørnson beskriv norsk natur og norsk bondeliv i sine Bondefortellinger:

I en stor dal kan der være et til alle sider frittliggende høyt sted, som solen bærer stråler på, fra den går opp, til den faller. Og de som bor tettere under fjellene og sjeldnere får sol, kaller da hint sted en solbakke. Den hvorom her skal fortelles, bodde på en sådan, hvor av gården hadde sitt navn. Der la sneen seg sist om høsten, der brånet den også først om våren.

Utdrag fra Synnøve Solbakken, Bjørnstjerne Bjørnson, 1857

I Ibsens historiske drama KONGS-EMNERNE får vi mellom anna møte Håkon IV Håkonsson, ein norsk konge på 1200-talet, der han fortel kvifor han vil samle Noreg til eitt rike:

HAAKON

Og I vil være Konge, – I, som dømmer slig? I kunde blevet en dugelig Høvding paa Erling Skakkes Tider; men Tiden er voxet fra Jer og I skjønner den ikke. Ser I da ikke at Norges Rige, saaledes som Harald og Olaf rejste det, kun er at ligne med en Kirke, som ikke har faaet Vigselen endnu? Væggene højner sig med stærke Støtter, Loftshvælven spænder sig vidt over, Spiret peger oppad, lig Gran i Skogen; men Livet, det bankende Hjerte, den friske Blodflomm gaar ikke gjennem Værket; Guds levende Aande er ikke indblæst det; det har ikke faaet Vigselen. – Jeg vil bringe Vigselen! Norge var et Rige, det skal blive et Folk. Thrønder stod mod Vikværing, Agdeværing mod Hørdalænding, Haalogalænding mod Sogndøl; Alle skal være Et herefter, og Alle skal vide med sig selv og skjønne at de er Et! Det er Hvervet, som Gud har lagt paa mine Skuldre; ​det er Gjerningen, som skal gjøres af Norges Konge nu. Den Gjerning, Hertug, den tænker jeg I lader ligge, thi sandelig I aarker den ikke!

Folkediktinga

Det er òg no Asbjørnsen og Moe byrjar å samle inn norske folkeeventyr og segn og skriv dei ned. Den første samlinga blei gitt ut i 1845. Eventyra skildrar folkelivet i bygdene, om enn i litt forskjønna utgåve. Dei grovaste detaljane og historiene Asbjørnsen og Moe fekk servert munnleg, kom ikkje med i den trykte utgåva.

Noreg i bilete

Folkeeventyra kom òg ut i illustrerte utgåver. Norske Folke- og Huldre-eventyr i Udvalg kom i 1879 ut med illustrasjonar av mellom anna Hans Gude og Erik Werenskiold. No blei huldrer og troll, Oskeladden og prinsessa visualiserte.

Snorres kongesagaer blei òg gitte ut på nytt på slutten av 1800-talet, no med illustrasjonar av kjende norske målarar som mellom anna Erik Werenskiold og Christian Krohg.

Desse illustrasjonane av vikingane pregar framleis synet vårt på korleis forfedrane våre såg ut. Det same gjeld illustrasjonane av eventyra. Dei har kome i nyutgivingar med dei same illustrasjonane heilt fram til vår tid. Så når du skal teikne eit troll eller ein konge, er det ikkje utenkjeleg at du er påverka av desse illustrasjonane som blei laga på 1800-talet.

Tenk over:

Har du lese eller blitt fortalt eventyr for? Kva hugsar du i så fall frå desse? Hugsar du nokon av illustrasjonane?

Kva betydning har 1800-talet hatt for korleis vi fortel historia om Noreg?

Etter fleire hundre år under dansk styre blei leitinga etter det særeigne norske viktig på 1800-talet: Norsk historie og norsk kulturarv blei skapt og rekonstruert. Sjølv om framstillingane er prega av idyll og ikkje heilt realistiske, blir tekstane som blir skapte på denne tida ei slags oppsummering av "det norske". Sidan 1800-talet har dei same historiene blitt fortalde att i skulen og i norske heimar, som ei vidareføring av norsk kulturarv.

I dag vil nok dei fleste meine at det typisk norske er litt meir, og kanskje noko heilt anna, enn det som var historia om det norske på 1800-talet. Likevel ser vi at ein reklamefilm for Noreg laga på 2000-talet bruker mange av dei same bileta og førestillingane om Noreg.

Tenk over:

  • Kvifor trur du historiene om Noreg, som reklamefilmen øvst, har så mange av dei same førestillingane om det norske som vi finn i tekstane frå 1800-talet?

  • Kvifor har vi behov for å framheve det "typisk norske" i dag, no som vi er ein sjølvstendig nasjon?

Skrive av Marion Federl og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2021