Dramasjangrar

Komedie og tragedie
Det europeiske dramaet har røter tilbake til den greske antikken, og dei eldste kjende dramaa er nesten 2500 år gamle. Grekarane skilde mellom to hovudtypar av drama: komedie og tragedie. Desse to hadde kvar sine krav til språkleg stil, persongalleri og innhald.
Komedien
I komedien blir søkelyset vanlegvis sett på menneskelege veikskapar ved hjelp av humor, og handlinga får ein positiv utgang. Formålet er å oppdra publikum til å handle rett, etter prinsippet "Sjå, le og lær!"
Ludvig Holbergs drama Erasmus Montanus er eit typisk døme på dette. Hovudpersonen i stykket, bondesonen Rasmus Berg, har blitt så lærd av seg at han ser ned på alle som ikkje held hans eige intellektuelle nivå. Denne arrogansen må sjølvsagt straffast, men på ein måte som gjer at vi ler. Komedien skal ende godt.
Tragedien
Tragedien er eit alvorleg skodespel som gjerne endar med at helten lir nederlag. Tradisjonelt viser ein tragedie korleis ein menneskeleg karakterbrest fører til ulykke. Skjebnen til helten skal vekke frykt og medkjensle og lære publikum kva som er rett handlemåte.
Drama med både tragiske og komiske trekk
Mange drama, både eldre og meir moderne, har både tragiske og komiske trekk. Shakespeares drama Romeo og Julie til dømes endar med døden både for hovudpersonane og fleire andre, men det finst fleire komiske scenar i stykket. Desse fungerer som "kvilescenar" der publikum kan slappe av litt før personane møter neste hindring på vegen.
Tenk over
Kjenner du til moderne drama som anten er komiske, tragiske eller litt av begge delar? Tenk på filmar og tv-seriar du har sett.
Andre dramasjangrar
Gjennom tidene har dramaet utvikla seg i mange retningar. I dag kan vi derfor skilje mellom ei rekke dramatypar, mellom anna desse:
- Ein farse er eit kort, komisk drama. Farsen inneheld gjerne situasjonskomikk, parodi og burleske (overdrive komiske) innslag.
- Eit høyrespel er eit drama som er skrive eller spesielt tilrettelagt for radio.
- Ein monolog er ein tekst som blir framført av ein skodespelar åleine på scenen.
- Ein opera er eit musikkdrama der så godt som all tekst blir sungen. Operaen handlar om alvorlege tema og endar ofte med at helten døyr, akkurat som i tragedien.
- Operetten er eit musikkdrama der delar av teksten blir sungne. Handlinga er gjerne lystig og komedieprega.
- Ein musikal er eit musikkdrama der musikk og dans speler ei sentral rolle. Replikkane blir delvis sungne og delvis talte. I motsetning til operetten kan musikalen ha tragiske element i seg.
- Revyen er ei humoristisk teaterframsyning som er sett saman av sjølvstendige element som sketsjar, monologar, songnummer og dans.
- Ein sketsj er ein kort, komisk tekst for framføring på scene eller film.
- Spelefilmen er kanskje den dramaforma som flest menneske har eit nært forhold til i dag. Det finst mange ulike filmsjangrar.
Tenk over og diskuter
Kor mange av dramasjangrane over kjende de til frå før?
Er det fleire sjangrar de meiner kunne ha stått på denne lista?

