Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Å skrive essay

Oppgåve

Diskuter eit vinnaressay

Essayet “We are all aliens somewhere“ av Thea Foss Gjertsen vann Wergelandkonkurransen i 2025. Les essayet, diskuter og få idéar om korleis du kan skrive ditt eige essay.

Til læraren

Dette er eitt av mange elevessay du kan finne på NDLA. Les gjerne mange essay slik at elevane ser at det er ulike måtar å skrive essay på, men at eit gjennomgåande trekk er blandinga av personlege opplevingar, refleksjonar og fakta eller kunnskap.

Start gjerne timen med å skrive sitatet “We are all aliens somewhere“ på tavla, og la elevane undre seg over kva sitatet eigentleg betyr. Dette er ein god førlesingsaktivitet.

Del 1: “We are all aliens somewhere"

Diskuter i heilklasse: Kva betyr eigentleg sitatetet “We are all aliens somewhere“? Skriv ulike forslag på tavla.

Del 2: Les essayet

Jobb åleine

  1. Les essayet “We are all aliens somewhere".

  2. Kva meiner du er temaet i dette essayet? Altså: Kva vil avsendaren formidle?

  3. Finn ein del av teksten du likte. Forklar kvifor du likte han.

  4. Kva er den i teksten?

  5. Korleis blir litteraturdøme brukte for å få fram bodskapen i teksten?

  6. Finn minst eitt døme på desse tre momenta som alle bør vere med i eit essay:

    • ei personleg oppleving

    • refleksjon og tankar rundt eit tema

    • faktadøme, til dømes kunnskap om litteratur eller historie

  7. Kvifor trur du dette essayet vann skrivekonkurransen?

Del 3: Diskuter med andre

  1. Gå gjennom svara dykkar i grupper. Alle kjem med svara sine på dei ulike spørsmåla.

  2. Samanfatt i heil klasse.

Del 4: Å lage ein sirkelkomposisjon

I heilklasse

  1. Ein les innleiinga og avslutninga på essayet høgt. Du finn dei i tekstboksen under.

  2. Diskuter: Korleis klarer skrivaren å lage ein i teksten sin?

  3. Kvifor kan dette vere eit godt skrivegrep når du sjølv skal skrive essay?

Innleiing

"We are all aliens somewhere" stod det med neonrosa bokstaver på T-skjorta til Chris Martin, vokalisten i bandet Coldplay, da jeg så dem på Wembley i august. Jeg trodde det var musikken og det enorme folkehavet jeg kom til å huske best, men de glødende bokstavene på brystet hans har brent seg fast i minnet mitt. Et romvesen er, ifølge Store norske leksikon, "et utenomjordisk vesen som tenkes å eksistere på andre planeter i universet". Men kanskje finnes romvesener ikke bare i verdensrommet. For hvem har ikke kjent seg litt utenfor? Litt fremmed? I møte med fellesskapet kan mennesket både høre til og falle utenfor. Kanskje er det nettopp i spennet mellom tilhørighet og annerledeshet at vi virkelig kjenner på hva det vil si å være en del av noe større. En del av et fellesskap.

Avslutning

Under Coldplay-konserten blinket lyset fra scenen i tusen farger, og bassen slo som et ekstra hjerte i brystet. Rundt meg danset mennesker som sang og ropte ut i mørket. Jeg løftet blikket, og over oss falt glitterregn fra åpen himmel. De neonrosa ordene på T-skjorten til Chis Martin fanget den stille erfaringen av annerledeshet, og kanskje er det derfor ordene traff så sterkt. For midt i mengden, blant alle oss som iblant føler oss som romvesener, sto vi sammen og ropte de samme ordene ut i natten. Og akkurat der, i lyset og stemmene, føltes det som om det var plass til alle – uten at noen måtte være noe annet enn seg selv.

Del 5: Inspirasjon til eiga essayskriving

Lag eit refleksjonsnotat der du skriv ned kva du lærte av å lese og diskutere essayet. Legg vekt på kva du vil ta med deg når du skal skrive ditt eige.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 14.01.2026