Bjørnson og den norske bonden - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Bjørnson og den norske bonden

Bondeforteljingane til Bjørnstjerne Bjørnson var ikkje realistiske skildringar av bondelivet. Nei, Bjørnson skreiv idealiserte skildringar som hadde eit pedagogisk føremål – nemleg å "kultivere" bonden. Tekstane handlar derfor ofte om menneske i kamp med seg sjølve.

Bondeforteljingane

Bondeforteljingane til Bjørnson kom ut i tidsrommet 1857–1860. Dei vekte oppsikt i samtida med si nyskapande og dristige form. Personane i bondeforteljingane er levande menneske med samansette, ofte konfliktfylte sinn, og vi møter dei i livssituasjonar der dei må gjere val.

Bjørnson lét seg inspirere av sagastilen. Skildringane er ordknappe. Og framstillinga er scenisk og sparsam når det gjeld kommentarar. Vi kjem rett inn i handlinga og lærer personane å kjenne gjennom det dei seier og gjer. I tillegg lét Bjørnson seg inspirere av folkediktinga. Den munnlege stilen i tekstane hans var inspirert av folkeeventyra. Han tok også i bruk rim og regler.

Bondeforteljingane har eit romantisk verdigrunnlag – jakta på det gode, sanne og vakre livet. Men personane er plasserte i meir realistiske omgivnader og må kjempe mot desse omgivnadene på vegen. Litteraturhistorisk høyrer derfor bondeforteljingane heime i den epoken vi kallar poetisk eller romantisk realisme.

Lidingas høgskule

Sjølv kalla Bjørnson dette "lidingas høgskule". Gjennom kamp og liding utviklar mennesket seg i "livets skule". At det er bonden som har hovudrolla i desse tekstane, heng mellom anna saman med den statusen bonden fekk i nasjonsbyggingsprosjektet. Dei norske verdiane skulle vere folket sine verdiar, ikkje verdiane til embetsmennene.

Bjørnson var Venstre-mann og oppteken av den statusen folket, og mellom dei bøndene, hadde. Men Bjørnson "oppdrar" bøndene i tekstane sine. Faderen er nettopp ein slik oppdragande tekst. Hovudpersonen Thord, den mektigaste bonden i bygda, må lære seg dei kristne verdiane nestekjærleik og audmjukskap. Ikkje før han har gjort dette, kan han verte eit godt menneske.

Oppgåve 1

"Faderen"

0:00
-0:00
Lyd: Morten Røhrt / CC BY-NC-ND 4.0

Lytt til opplesinga av novella Faderen og sjå ei dramatisert framstilling av korleis Bjørnsons forteljing Faderen vart til , eller les novella Faderen. Jobb så med følgjande oppgåver:

  1. Gi ein karakteristikk av hovudpersonen, Thord. Korleis ser han ut? Kva seier han? Kva for eigenskapar ved han vert framheva? Kva for eigenskapar kan du slutte deg fram til at han har?
  2. Gi ein karakteristikk av presten. Korleis vert han framstilt? Kva for eigenskapar har han? Kva for verdiar meiner du han representerer? Er han statisk eller dynamisk? Grunngi svaret ditt.
  3. I kva for situasjonar er det Thord møter presten? Verkar det som om Thord elles ofte går i kyrkja?
  4. Finn allusjonar til Bibelen i teksten. Om du er usikker på kva ein allusjon er, kan du lese den relaterte fagteksten om allusjonar.
  5. Er Thord ein såkalla dynamisk eller statisk karakter, det vil seie: Utviklar han seg eller ikkje? Og i så fall: Korleis endrar Thord seg i løpet av novella? Kva er årsaka til denne endringa?
  6. Kva trur du presten meiner med å seie: "Nå tenker jeg, at sønnen din endelig er blitt deg til velsignelse".
  7. Kva meiner du er bodskapen i teksten? Kva for verdiar er det teksten er bygd på? Synest du dette er typiske norske verdiar og eigenskapar? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 2

  1. På kva måte braut Bjørnson med måten den norske bonden blei framstilt på i novella Luren av Maurits Hansen?
  2. Bjørnson hadde eit pedagogisk formål med bondeforteljingane sine. Kva slags formål var dette?
  3. Gi døme på korleis skrivestilen til Bjørnson var inspirert av den norrøne sagastilen.
  4. På kva måte brukte Bjørnson norske folkeeventyr i bondeforteljingane sine?
  5. Korleis peiker skrivestilen i bondeforteljingane fram mot realismen?
  6. Kva er temaet i "Faderen"?
  7. Kva for ei utfordring er det hovudpersonen møter?
  8. Peik på romantiske og realistiske trekk ved forteljinga.
  9. Kva meinte Bjørnson med at bondeforteljingane hans tematiserer "lidelsens høyskole"?

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Faderen

Forteljinga Faderen er mellom dei mest lesne tekstane av Bjørnson. Ho vart skriven i 1859.

Skrive av Heidi Mobekk Solbakken og Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019