Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Utforsk samiske språk i Noreg

Kva framtid ventar samisk?

CC BY 4.0

Kjem dei samiske språka til å overleve?

Fagartikkel

Kva framtid ventar samisk?

Det er velkjent at det ikkje går an å spå framtida. Likevel vil vi prøve å sjå på kva som ventar samiske språk i eit urbanisert Norden framover.

Språket er nøkkelen

Sjå kortfilmen Bonki. Diskuter med sidemannen:

  • Korleis framstiller filmen forholdet mellom samisk og norsk?
  • Kvifor trur de Nils ikkje reagerer før han høyrer samisk?
  • Kva går tapt om samisk, språket til Nils, forsvinn for godt?

Samiske språk i faresona

Ekspertar reknar med at det er 6000–7000 språk i verda i dag. I følgje UNESCO vil omtrent halvparten av desse språka døy ut om 100 år (Unesco, u.å.).

Sørsamisk og lulesamisk er, i følgje UNESCO, alvorleg trua (Larsen, 2009). Nordsamisk, som er det største samiske språket i Noreg, er klassifisert som det litt mildare definitivt trua.

Vi kan altså slå fast at dei tre eksisterande samiske språka i Noreg står i fare for å forsvinne, saman med 3000–4000 andre språk i verda.

Kvifor er samisk trua?

Vi må sjå på tre faktorar som bidreg til at samisk er utrydningstrua:

Fornorskinga

Staten Noreg må ta mykje av skulda for at talet på samisktalande fall kraftig utover på 1900-talet. På grunn av fornorskingspolitikken lét foreldre vere å lære barna morsmålet sitt. Årsaka var at det å vere same, var skambelagt. Faktisk visste mange barn ikkje at dei var samiske før i vaksen alder. Foreldra deira snakka samisk med kvarandre i det skjulte.

Urbanisering

Tidlegare var det vanleg for barn som vart fødde i samiske familiar å bli verande og ta over reindrifta. I lokalsamfunnet var samisk omgangsspråket, både blant familiar, vener og i butikken.

I dag er , som reindrift, i sterk nedgang. Som ei følgje av dette flyttar mange frå bygd til by. I byane er det ikkje lengre samisk som er omgangsspråket. Her møter derimot samane majoritetsspråket norsk overalt. Dermed blir det færre høve til å bruke morsmålet sitt. I dag snakkar mange unge samar betre norsk enn samisk (Regjeringa, 2014).

Forhold på skulen

Foreldre kan velje samisk som anten 1. eller 2. språk på skulen for barna sine. Gledeleg nok opplever både lulesamisk og sørsamisk ein oppgang i talet på elevar, men det er likevel under 100 per. år som vel høvesvis lulesamisk og sørsamisk. Talet på kor mange som vel nordsamisk som første- eller andrespråk, er i nedgang.

Det er i tillegg stor mangel på lærarar som kan undervise i og på samisk. Dette gjeld alle dei tre samiske språka. Når samisk ikkje lengjer er førstespråk heime eller blant vener, blir skulen den viktigaste kjelda til å lære og verne språket.

Heldigvis vel nokon å satse på ei framtid som lærarar i samisk. Møt Susanne Næss Guttorm som bytte studieretning for å vere med på å redde samisk språk: Intervju med Susanne Næss Guttorm på NRK.

Kva må til?

Vi kan peike ut fire moment som må til for at samisk skal overleve, og til og med kan vekse:

  1. Foreldre må snakke samisk til barna sine.
  2. Foreldre må velje samisk som 1. eller 2. språk når barna deira startar på skulen.
  3. Barn og ungdom må ha gode lærarar.
  4. Noreg må føre ein offensiv språkpolitikk. Samisk skal vere ein naturleg del av det offentlege språket i områda i nord der norsk og samisk er likestilte språk.

Er det håp?

Det er ingen fasit på om samisk kjem til å overleve dei neste 100 åra. Unesco meiner det er liten sjanse for det, men den veksande stoltheita blant mange unge samar i dag taler for det motsette (Larsen, 2009).

Kanskje kan det sjåast på som ein lovande tendens at ein av verdas mest sette filmar, Frost 2, inneheld samiske element og skal dubbast til nordsamisk (NRK Sápmi, 2019)?

Sjå dette klipt på NRK som viser eit lite utdrag frå filmen: Frost på samisk.

Kjelder

Larsen, D. (2009, 3. april). Samisk på Unescos truet-liste. Henta frå https://www.nrk.no/sapmi/samiske-sprak-truet-1.6554384

NOU 2014: 8 (2014). Tolking i offentleg sektor — – et spørsmål om rettssikkerhet og likeverd. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2014-8/id2001246/

Paulsen, S. (2018, 28. august). – Veldig fornøgd med antallet studenter. Henta frå https://www.nrk.no/sapmi/vil-utdanne-enda-flere-laerere-for-a-lose-ekstrem-laerermangel-1.14176173

Pettersen, M. & Gaup B. (2016, 17. mars.). Kampen for tilværelsen. Henta frå https://www.nrk.no/sapmi/xl/hva-skjer-med-samisk-sprak-i-fremtiden_-1.12858413

Unesco (u.å). Trua språk. Henta frå http://unesco.no/kultur/truede-sprak/

Vangsnes, Ø. (2019, 11. februar). Skulen og framtida for samisk språk. Syn og segn. Henta frå https://morgenbladet.no/portal/2019/02/skulen-og-framtida-samisk-sprak

Verstad, A & Larsen D. (2019, 19. juli). Frost 2 kommer på samisk. Henta frå https://www.nrk.no/sapmi/frost-2-kommer-pa-samisk-1.14631300

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2019