Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Utforsk samiske språk i Noreg

Samisk i dag

CC BY 4.0

Korleis står det til med dei samiske språka i Noreg i dag? Og kva for haldningar har den moderne samen til språket sitt?

Fagartikkel

Samisk i dag

Samane er eit urfolk som snakkar eit språk som er svært ulikt frå majoritetsbefolkninga i Noreg. Korleis står det til med samisk i Noreg i dag?

I dette innslaget frå NRK Skole, fortel artisten Hanna Krogh-Reinsnes om korleis ho oppdaga at ho var samisk.

Frå skam til stoltheit

Historia om Hanna Krogh-Reinsnes, som oppdaga at ho var same, er ikkje unik. Verdshistoria fortel mange historier om urfolk som har vorte dårleg behandla av majoritetsbefolkninga. Det kan vere ei årsak til at mange generasjonar av urfolk har prøvd å undertrykkje både identiteten og språket sitt. Urfolka sin skam over språket sitt kan sjåast på som eit resultat av majoritetsbefolkninga si jakt på eigen identitet: I iveren etter å lage nasjonalstatar og samle folket, måtte urfolket dukke nakken.

I dag er situasjonen annleis. Urfolk over store delar av verda opplever eit gryande medvit. I staden for å skamme seg over røtene sine, er dei stolte av dei.

FN og urfolksspråk

I 2019 arrangerte FN eit internasjonalt år for urfolksspråk. FN har dessutan styrkt både dei samiske rettane og pliktene til staten overfor urfolk: "Urfolk har rett til å gjenopplive, bruke og utvikle sin historie, sitt språk (...). Statene skal treffe effektive tiltak for å sikre vern av denne rettigheten" (Regjeringen, 2007).

Stoltheit

Mange norske samar omfamnar identiteten sin i dag. Dei tek på seg kofta på 17. mai og feirar sin eigen nasjonaldag 6. februar. Unge artistar både joikar og syng og rappar på samisk, og den samiske språkprisen vart i 2019 delt ut til snapchatkontoen Saepmi (Sametinget, 2019).

Du kan lese meir om haldninga samar har til eigen identitet og språk i denne artikkelen frå NRK: Samiske ungdommer føler ny stolthet – vil føre kulturen videre.

Tenk over:

Kvifor trur du haldninga til urfolk har endra seg dei siste førti til femti åra?

Stoda for samisk i dag – skjer i sjøen

Korleis går det så med dei samiske språka i dag? Samelova slår fast at norsk og samisk er likestilte. Målet til norske styresmakter har altså gått frå å tvinge samane til å snakke og skrive norsk, til å oppmuntre til bruk av samisk i både skulen, andre offentlege institusjonar og privat.

Men dei som verkeleg avgjer kor levande eit språk skal vere, er folket som bruker det. Dersom eit folk ikkje bruker språket sitt, døyr det ut. Som nemnt over, er tida då samane skamma seg over eigen identitet og språk, over. Det skulle tyde på at det går bra for samisk i dag. Men kor mange barn og unge vel samisk i skulen?

Samisk som første- og andrespråk

Barn og unge kan velje samisk som første- eller andrespråk på skulen. Viss dei vel å ha samisk som førstespråk, skal all undervisning gå føre seg på samisk, bortsett frå i engelsk- og norsktimane. Om dei vel samisk som andrespråk, skal dei følgje ordinær undervisning, men lære skriftleg og munnleg samisk ved sida av.

Statistikk viser at talet på elevar som vel samisk som første- og andrespråk i skulen, har gått ned etter år 2000. I 2009 var det 2519 elevar med samisk i grunnskulen, medan det i 2019 var 2394 (Sollid, 2019). Dette er faretruande tendensar for det samiske språket. Om unge menneske vel å snakke og skrive norsk framfor samisk, kan det vere eitt av mange språk som blir utrydda dei neste 100 åra.

Over til nokre gode nyheiter for samisk

Men situasjonen er ikkje eintydig. For det er to positive tendensar viss vi ser på samisk i skulen:

  1. Nedgangen i mengde som vel samisk, har bremsa opp dei siste fem åra. Den største nedgangen var mellom år 2000 og 2015.
  2. Det er berre det største språket, nordsamisk, som opplever nedgang. Sørsamisk og lulesamisk, som er langt meir utrydningstrua enn nordsamisk, har faktisk opplevd ein oppgang (Sollid, 2019).

Tabellen under viser kor mange som vel samisk som første- eller andrespråk i skulen.

Talet på elevar som vel samisk som første- eller andrespråk

2009

2019

Talet på elevar som valde nordsamisk som førstespråk

997

892

Talet på elevar som valde nordsamisk som andrespråk

1342

1276

Talet på elevar som valde sørsamisk som førstespråk

19

26

Talet på elevar som valde sørsamisk som andrespråk

82

85

Talet på elevar som valde lulesamisk som førstespråk

27

34

Talet på elevar som valde lulesamisk som andrespråk

50

81

Diskuter:

I dag er mange språk i verda utrydningstrua. Er det farleg om språk blir borte?

Kjelder

Nrk (2019, 24. oktober). Delte ut språkpris til samisk Snapchat-konto. Henta frå https://www.nrk.no/sapmi/kong-harald-delte-ut-sprakpris-til-snapchat-konto-1.14754150

Regjeringen.no (2007, 13. september). FNs erklæring om urfolks rettigheter. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/samiske-tall-forteller-10/id2582761/

Sollid, H. (2019, 29. august). Vi må snakke om samisk. Henta frå https://sprakprat.no/2019/08/29/vi-ma-snakke-om-samisk/.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2019