Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Substantiv

Nå skal du lære deg den regelrette bøyinga av substantiv i nynorsk. Du skal òg lære kva som er spesielt med substantiva som endar på -ing.

Hankjønnsord

Samanlikn bokmål og nynorsk:

Bokmål

en gutt – gutten – mange gutter – alle guttene

Nynorsk

ein gut – guten – mange gutar – alle gutane

Du må altså hugse på to ting

  1. På nynorsk skal hankjønnssubstantiv ende på -ar og -ane i fleirtal.
  2. Den ubestemte artikkelen på hankjønnsorda er ein.

Hokjønnsord

Samanlikn bokmål og nynorsk:

Bokmål

ei/en jente – jenta/jenten – jenter – jentene

Nynorsk

ei jente – jenta – jenter – jentene

Hokjønnsbøyinga er lett å hugse

  1. Hokjønnsorda får same fleirtalsbøying som på bokmål.
  2. Den ubestemte artikkelen er alltid ei.

Korleis veit du om eit substantiv er hokjønns- eller hankjønnsord?

Ein vanleg feil elevar med bokmål som hovudmål gjer, er å tru at dei fleste substantiva er hankjønnsord. Det kjem av at hokjønnsorda har valfri hankjønns- eller hokjønnsartikkel i bokmål:

To eksempel

På bokmål kan du velje om du vil skrive ei lampe – lampa eller en lampe – lampen. Du kan velje om du vil skrive ei jord – jorda eller en jord – jorden.

På nynorsk har vi ikkje dette valet. Både lampe og jord er hokjønnsord, og da skal dei bøyast som hokjønnsord og ha hokjønnsartikkel.

Enkel hugseregel

  1. Er du i tvil om du har med eit hankjønns- eller hokjønnsord å gjere, sett det i bestemt form eintal. Dersom det høyrest greitt ut med a-ending, er det stort sannsyn for at det er eit hokjønnsord.
  2. Men om a-ending høyrest heilt rart ut, er det nok eit hankjønnsord. Ta for eksempel ordet mat. Det høyrest heilt feil ut å seie "eg bestiller mata", det må heite "eg bestiller maten". Da må mat vere eit hankjønnsord.

Øving 1. Bøying av hankjønns- og hokjønnsord

Oppgåva som rein tekst

Finn alle hokjønnsorda

advokat analyse bok busk bygd dag dronning dør forfattar fot hand kompetanse leiar novelle pipe pumpe roman skei sofa stol stong telefon tid veg veske

Substantiv som endar på -ing

Substantiv som endar på -ing har ei litt spesiell bøying. Vi bruker mange ord på -ing når vi skriv, derfor er det greitt å lære seg korleis vi bøyer dei.

ei meining – meininga – meiningar – meiningane

Regelen er slik

  1. Ord på -ing er hokjønnsord og skal derfor ha hokjønnsartikkelen ei framfor seg.
  2. I eintal blir ord på -ing bøygde som vanlege hokjønnsord, men i fleirtal oppfører dei seg som hankjønnsord og endar på -ar og -ane.

Veit du korleis vi kan bøye ord på -ing på bokmål?

På bokmål kan vi bøye ord på -ing valfritt som hokjønnsord eller hankjønnsord:

  • ei dronning – dronninga – flere dronninger – alle dronningene
  • en dronning – dronningen – flere dronninger – alle dronningene

Øving 2. Ubestemt artikkel og fleirtalsform av hankjønns- og hokjønnsord


Inkjekjønnsord

Inkjekjønnsorda er nok dei substantiva som det er vanlegast for bokmålsbrukarar å gjere feil på. Dei blir alle bøygde slik som substantivet barn i eksempelet under.

Bruk derfor dette substantivet som “knagg” når du skal bøye inkjekjønnsord på nynorsk.

Eit barn – barnet – fleire barn – alle barna

Øving 3. Inkjekjønnsord og substantivbøying generelt




Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 09.02.2026