Språklege verkemiddel - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Språklege verkemiddel

Ein talar eller skribent bruker alltid språklege verkemiddel for å påverke kjenslene og haldningane til lesaren. Verkemiddelbruken er ein del av den skjulte argumentasjonen.

Plussord og minusord

Ord kan vere positivt eller negativt lada og på den måten forsterke den opne argumentasjonen. I lesarinnlegget Forby dyreforsøk! til dømes bruker forfattaren ei rekkje kjensleladde ord og uttrykk, som "lide", '"innesperra", "pinefulle forsøk", "dei mest forsvarslause og plaga av alle dyr", "misbruk" med fleire. Desse orda skal få lesaren til å leve seg inn i skjebnen til forsøksdyra, slik at han skjønner at dyr òg har kjensler, behov og rettar, ikkje berre menneska.

Retoriske spørsmål

Retoriske spørsmål er spørsmål med eit opplagt svar som styrkar standpunktet til personen som taler eller skriv:

"Kvifor skal forskarane plage dyr for å finne medikament mot sjukdommar folk har forårsaka sjølve?"

Direkte tiltale

Ved å vende seg direkte til mottakarane opprettar sendaren ein personleg kontakt med lesarane eller tilhøyrarane som kan gjere det lettare å overbevise dei.

"Mange forsvarer forsøk på dyr med at dei er til det beste for menneska. Då skal du vite at dei aller fleste forsøka på dyr gjeld kosmetikk, reingjeringsmiddel og liknande!"

"Stemmer du Framstegspartiet, veit du at du får betre helsetenester og større tryggleik for deg og dine nærmaste."

Oppfordringar

Gjennom bruk av imperativ og liknande uttrykksmåtar legg sendaren press på mottakaren og prøver å få han eller henne til å handle.

"Gjer noko for miljøet, du òg!"

"Slik må de ikkje fortsetje!"

Tåkelegging

Somme menneske uttrykkjer seg medvitne så vanskeleg som mogleg, for dei veit at mange lèt seg imponere eller skremme av lange setningar krydra med framandord og faguttrykk. Andre igjen bruker fine ord for å pakke inn lite hyggjelege bodskapar eller for å uttrykkje seg så vagt og uforpliktande som mogleg.

Humor

Latter skaper kontakt. Ein som veit å bruke ein god replikk eller ei god historie, får dessutan mottakaren til å slappe av og vere mindre kritisk.

Ironi

Ironi betyr å seie det motsette av det ein meiner. Ein som bruker ironi, signaliserer overfor mottakaren: "Viss du forstår kva eg eigentleg vil seie, er du lur, og vi har noko felles!" Slik skaper ironien ein fellesskap mellom sendaren og mottakaren. Den eller det som ironien går ut over, blir derimot utestengd frå dette fellesskapet.

Språklege bilete

Språklege bilete er snarvegen til hjarte og hjerne. Bilete vekkjer kjensler. Dei fokuserer på det vesentlege og set ting på spissen, som når Natur og ungdom kallar samferdsleminister Liv Signe Navarsete for "eksosminister" fordi dei synest at ho byggjer for mykje veg og for lite jernbane. Dessutan er språklege bilete vanlegvis lette å forstå:

"Freia sjokolade – eit lite stykke Noreg"

"Huset ditt lengtar etter ny dekkbeis!"

Skrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019