Sjå nærare på ein reklameanalyse

Kva kjenneteiknar ein god reklameanalyse?
Når du skriv analyse av samansette tekstar, er målet å
vise kva som er formålet med teksten
vise korleis formålet kjem til uttrykk gjennom verkemiddel.
vise kvifor sendar bruker desse verkemidla
Altså: Målet med alt du skriv, er å vise korleis sendar prøver å påverke mottakar med ulike verkemiddel. Oppgåvene under skal hjelpe deg med å forstå korleis du skal gå fram for å få til dette, ved å diskutere ein modelltekst.
De skal gjere alle oppgåvene i par eller grupper.
Del 1: Diskuter innleiinga i modellteksten
Sjå på innleiinga til modellteksten under.
Kva gjer denne innleiinga?
Diskuter førstesetninga i innleiinga. Kva synest de om å starte på denne måten?
Nordmenn elskar norsk natur. Det har Lerum nytta seg av når dei reklamerer for eplejusen sin i ny pakning. Den samansette reklameteksten har som formål å selje jus til nordmenn. Målet prøver dei å nå ved å bruke både det typisk norske, humor og eiga erfaring som salstriks.
Del 2: Diskuter det andre avsnittet i modellteksten
Les det andre avsnittet i modellteksten i ramma under. Diskuter:
Kva er fomålet med dette avsnittet?
Kva for fagomgrep blir brukte her?
Den samansette teksten er ein statisk tekst som inneheld fleire typar verbaltekst og eit bilete. Når det gjeld biletet, er produktet, sjølve eplejusen, plassert i forgrunnen. Det er blikkfanget til biletet. I bakgrunnen ser vi naturen som er så typisk for Sognefjorden. For å ikkje stele merksemd frå produktet er bakgrunnen dus.
Del 3: Diskuter det tredje avsnittet
Eit avsnitt bør berre handle om eit moment.
Les heile avsnitt 3 (under). Kva handlar dette avsnittet om?
Kor stor del av avsnittet er beskriving av biletet, og kor stor del er analyse (Tips: Analyse handlar om den funksjonen eit verkemiddel har – altså setningar som ser på korleis avsendar prøver å påverke retorisk.)
Om vi ser nærare på biletet, er eit viktig retorisk verkemiddel bruken av friske fargar og natur. Dette ser vi både i forgrunnen og bakgrunnen til biletet. I forgrunnen ser vi friske, grøne eple og ein juskartong med bilete av ein fjord på. I bakgrunnen blir den norske fjorden gjenteken. Slik skaper fargane inntrykk av at jusen er sunn, naturleg og noko typisk norsk. Når Lerum speler på ønsket til mottakar om å vere sunn, samtidig som dei bruker nasjonalromantiske motiv, speler dei på kjenslene våre. Dei ønsker å vekke positive assosiasjonar til produktet. Biletet er altså i stor grad patosprega.
Del 4: Diskuter det femte avsnittet
Les det femte avsnittet (under). Diskuter:
Kva funksjon har førstesetninga i avsnittet?
Kvifor er dette avsnittet ein god analyse av verbalteksten nedst i reklamen?
Kvar er det brukt setningsbindarar for å skape god språkleg flyt?
Brødteksten har òg ein del språklege verkemiddel som skal spele på kjensler. Mellom anna står det om jusen at han er "frisk", laga av den "finaste" frukta og er "den aller beste". Ved å bruke desse verdiladde orda prøver Lerum å spele på patos for å overtyde oss. I tillegg bruker dei både bydande språk og humor for å skape eit slags usynleg band med potensielle kjøparar, noko som er typisk for den skjulte argumentasjonen. Det appellative språket i setninga "prøv den friske eplejusen vår i ny pakning" speler på kjenslene til mottakarane. Det same gjer den siste humoristiske avslutninga, formulert som ein direkte førespurnad: "kanskje får du frukt på hjernen du og".
Del 5: Diskuter avslutninga
Det er mange måtar å skrive avslutningar på. Kva vil de seie skrivaren gjer i denne avslutninga?
Alt i alt er dette ein typisk "norsk" reklame. Det er vanleg at norske reklamar bruker naturen som salstriks. Bruken av den norske naturen skal bidra til at mottakarane får gode kjensler for produktet. Desse friske epla produserte i vakre Sognefjorden, kan dei nyte rett frå glaset! Og når all verbalteksten i tillegg er skriven på nynorsk, Noregs eige skriftspråk, trekker det i same retning. Men reklamen blir ikkje sjølvhøgtideleg, trass i både mykje etos og patos. Årsaka er den litt sjølvironiske og uhøgtidelege verbalteksten.
Relatert innhald
Les modellteksten av ein analyse av samansett reklametekst, og gjer oppgåvene som høyrer til.