Hopp til innhald
Øvelse

Samanlikning, metafor og klisjé

Oppgåve 1

Les utdraget frå Beatles av Lars Saabye Christensen nedanfor.

  1. Finn bileta forfattaren har brukt her.
  2. Kva slags bilete er det flest av?
  3. Kva for funksjon meiner du bileta har i utdraget?

"Han kom med stilbunken under armen, gikk med forte, hoggende skritt, som lederen for et janitsjarorkester. Blikket brant gjennom oss som røntgenstråler, et vanvittig smil krølla seg under den dunete nesa, og han sa ikke et ord. Han bare låste oss inn, satte seg ved kateteret med stilbunken som et truende tårn foran seg og der ble han sittende, stum som en sko."

(Saabye Christensen, 2002)

Oppgåve 2

Bileta og klisjéane nedanfor kjenner vi frå kvardagsspråket vårt. Forklar kva dei tyder:

  1. å måtte bite i det sure eplet
  2. å ha begge beina på jorda
  3. å tråkke i salaten
  4. å ha eit hjarte av gull
  5. å vere heilt på jordet

Oppgåve 3

Uttrykket "å sjå lyset i enden av tunnelen" er ein mykje brukt klisjé.

  1. Kva tyder dette uttrykket?
  2. Prøv å forklare samanhengen mellom den konkrete og den overførte tydinga av uttrykket. Kva har dei til felles?

Oppgåve 4

I 2008 besøkte den dåverande amerikanske presidenten Barack Obama den tyske hovudstaden Berlin. Frå eit podium sett opp framfor Sigerssøyla sa han:

Murane mellom dei landa som har mest og dei som har minst, må ikkje få stå. Murane mellom rasar og stammar, mellom urfolk og immigrantar, murane mellom kristne, muslimar og jødar må ikkje få stå. Vi må rive ned desse murane!

  1. Forklar metaforen som Obama bruker mange gonger i dette avsnittet.
  2. For innbyggjarane i Berlin har denne metaforen ei tilleggstyding som Obama nok var fullt klar over. Kan du forklare ho?
Treng du eit hint?

Ronald Reagan: "Tear down this wall".

Kjelder

Saabye Christensen, L. (2002). Beatles. Oslo: Cappelen.

Relatert innhald

Skrive av Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 14.03.2020