Overtyd med logos - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Overtyd med logos

Oppgåve

Finn og vurder argument

Vel ein av følgjande påstandar:

  • Det er bortkasta å kjøpe vatn på flaske.
  • Du bør velje yrkesfag.
  • Alle barn bør få leike med lego.

Du skal overtyde ein venn om påstanden du har valt.

  1. Finn tre argument som du trur vil overtyde vennen din.
  2. Vurder om dei tre argumenta stemmer, om dei er relevante for å overtyde vennen din, og om dei kan bevisast (er haldbare).
  3. Gå til slutt saman to og to og vurder om dei argumenta de har komme fram til kvar for dykk, verkar sanne eller sannsynlege.
Skrive av Elin Marie Voie.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2017