Øvelse
Lyrikkanalyse: form
Nokre gonger er det lett å oppdage ein klar samanheng mellom form og innhald i eit dikt. Andre gonger må vi undersøkje diktet nøye før vi ser korleis oppbygnad og musikalske verkemiddel er med på å forsterke det som blir sagt med ord.
Sit i grupper på tre, diskutér diktet «Mareritt i eventyrskogen» og notér. Bruk hjelpespørsmåla under!
Beskriv forma på diktet.
Kan de setje ord på skilnaden(e) mellom dei to avsnitta i diktet?
Skriv eit forslag til avsnitt om forma i dette diktet.
Sjå på eit forslag til tekstavsnitt om form og samanlikn med dykkar eigne notat.
Har de komme fram til dei same trekka ved forma?
Kva for skilnad(er) mellom avsnitt 1 og avsnitt 2 har de peikt på? (Her finst det i grunnen ingen fasit, men godt eller mindre godt grunngitte svar.)