Lær deg å lære - Les fleire tekstar om eit emne - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Lær deg å lære

Les fleire tekstar om eit emne

Det er lurt å bruke fleire kjelder når du skal setje deg inn i eit emne. Kor mykje kan du lære av tre korte tekstar?

Oppgåve

Nok søvn er viktig for at hjernen vår skal fungere godt. Søvnmangel kan gjere det vanskeleg å hugse. Les minst to av desse tre tekstane om søvn for å lære meir om dette emnet.

Bruk titrinnsmodellen.

Søvn (Artikkel frå Store norske leksikon)

Sov mer, husk bedre (Artikkel frå Forskning.no)

Prioriterer du å få nok søvn? (Artikkel frå Altomdinhelse.no)

Summer opp det du lærte

Fortell det du lærte frå tekstane om søvn til ein medelev, eller skriv ein kort tekst med eigne ord med tittelen "Derfor er søvn viktig".

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2019