Øvelse
Kvifor blir du meir empatisk av å lese skjønnlitteratur?
Visste du at du blir klokare av å lese skjønnlitteratur? Forsking viser nemleg at du kan forstå andre menneske betre om du les fiksjonsbøker.
Les teksten "Skjønnlitteratur kan gjøre oss mer empatiske" på Forskning.no.
Diskuter i grupper:
- Overraska resultata av denne forskinga dykk? Forklar kvifor/kvifor ikkje.
- Kva seier teksten om sakprosa og science fiction?
- Har de sjølv lese litteratur som de meiner utvikla korleis de forstår andre menneske? Kom med døme.
- Skjønnlitteratur handlar stort sett om ting som er oppdikta. Likevel oppfattar ikkje vi som lesarar innhaldet som løgn. Kva er årsaka?
- Kva andre grunnar finst det til å lese skjønnlitteratur?
Sjå diktopplesinga av den danske forfattaren Yahya Hassan i starten av programmet: Yahya Hassan på Bokprogrammet, NRK
Jobb først aleine:
- Kva kjensler blei vekte i deg då du høyrde opplesinga?
- Kvifor nettopp desse kjenslene? Forklar.
Jobb i grupper:
- Samanlikn dei kjenslene de har skrive ned. Var det dei same?
- Var det innhaldet i diktet eller måten Hassan las det opp på som påverka kjenslene mest?
- Meiner de dikt som dette kan gi dykk betre innsikt i og empati for menneske? Grunngi.
Intervju med Gro Dahle
Sjå intervjuet med Gro Dahle og jobb deretter med spørsmåla:
- Kvifor har skriving vore viktig for Gro Dahle?
- Kva føretrekkjer du sjølv – vil du helst uttrykkje deg munnleg eller skriftleg? Veit du kvifor det er slik?
- Gro Dahle listar opp ei rekkje ting vi kan bruke skjønnlitteratur til. Nemn to–tre av dei.
- Kva tek Gro Dahle særleg omsyn til når ho skriv for barn? Og korleis førebur ho seg til skrivinga?
- Gro Dahle meiner at kreativ skriving i skulen er viktig. Korleis grunngir ho dette?
Relatert innhald
Fagstoff
SkjønnlitteraturFå repetert kva som særmerkjer skjønnlitteratur og episk, lyrisk og dramatisk dikting.
Fagstoff
Tekst og identitetKorleis kan identiteten din bli utvikla og støtta ved at du opplever og sjølv skaper tekstar?