Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Korleis skrive leserinnlegg?

Lesarinnlegg har tradisjonelt vore faste innslag i trykte aviser og blad. I dag finn vi dei vel så ofte i digitale medium, og vi kan alle delta i diskusjonar om stort og smått, morosamt og alvorleg, anten ved å skrive innlegg sjølv eller ved å kommentere det andre har skrive.

Ein sjanger med ein bodskap

Eit lesarinnlegg formidlar alltid ein bodskap. Vanlegvis er det eit debattinnlegg med eit klart standpunkt, men det kan òg informere om ei sak eller uttrykke ei personleg oppleving.

Hugsar du?

  • I informative tekstar er det saka som står i sentrum.
  • Ekspressive tekstar handlar i stor grad om skrivaren si oppleving av ei sak eller hending.
  • Appellative eller argumenterande tekstar skal først og fremst overtyde lesaren.

Skriv lesarinnlegg

I eit demokrati er det viktig at mange stemmer blir høyrde. Når du deltek i den offentlege debatten, til dømes ved å skrive lesarinnlegg, viser du kva du meiner og bidreg til at fleire perspektiv kjem fram. Du kan få merksemd rundt saker du sjølv er oppteken av, og du kan foreslå endringar dersom du ser at noko kan forbetrast. Kanskje er det nettopp ditt lesarinnlegg som vil påverke og føre til endringar? Her får du nokre gode skrivetips!

Råd 1. Hald deg til sak

Det finst ikkje nokon formelle reglar for korleis eit lesarinnlegg skal sjå ut, men ønsker du å nå mange lesarar, bør innlegget ditt kommunisere eintydig og effektivt. Skriv derfor kort og klart, og hald deg til éi sak.

Råd 2. Skriv subjektivt og sannferdig

I eit lesarinnlegg fremmar du ditt personlege syn, det er dine tankar og kjensler som skal komme til uttrykk. Du har lov til å setje ting litt på spissen og kan gjerne vere skarp i tonen om du synest det trengst, men du bør unngå personangrep, og du må du halde deg til sanninga.

Råd 3. Bruk språklege verkemiddel

Eit innlegg på nett eller i ei papiravis må konkurrere om merksemda til lesaren med mange andre tekstar. Derfor er det viktig at du klarer å fange interessa til lesaren og halde på ho. Bruk språket til å engasjere og vekke kjensler, og ordlegg deg slik at lesaren får tillit til deg som skrivar!

Tenk over

Har du lest lesarinnlegg som har fått deg til å skifte meining, gitt deg ny kunnskap eller kanskje provosert deg?

Relatert innhald

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 21.10.2025