Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Utforsk kronologi i skjønnlitteratur

I desse oppgåvene skal de jobbe saman om å utforske komposisjonen i ulike tekstar.

Kronologien i Tante Ulrikkes vei

Tante Ulrikkes vei er ein roman av Zeshan Shakar. Romanen er bygd opp av intervju med to gutar, Mo og Jamal. Dei er begge omtrent 16 år og bur i Tante Ulrikkes vei i Groruddalen, eit område i Oslo med mange innvandrarar og barn av innvandrarar.

  1. Les utdraget frå Tante Ulrikkes vei. Utdraget har ordforklaringar som skal hjelpe deg til å forstå innhaldet.

  2. Diskuter kva for nokre omgrep frå fagartikkelen om kronologi de vil bruke om forteljemåtane i Tante Ulrikkes vei.

  3. Kva meiner de Shakars forteljemåte har?

Litt hjelp?

  1. Mo og Jamal er like gamle, bur på same stad og har same bakgrunn. Likevel verkar dei veldig ulike. Korleis viser Shakar dette?

  2. Begge hovudpersonane fortel om forholdet sitt til Stovner i tilbakeblikk. Kva seier desse tilbakeblikka om identiteten deira?

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 19.05.2026