Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Kan du setningsanalyse?

I denne oppgåva skal du analysere ei rekke setningar for å sjekke om du meistrar setningsanalyse.

Vanskegrad 1: Enkel setningsanalyse

Tips

Hugs at adverbial ofte er preposisjonsfrasar:

  • til læraren

  • i morgon

  • frå son sin

Vanskegrad 2: Direkte objekt eller predikativ?

Tips

Mange blandar direkte objekt og predikativ fordi dei ofte står på same plass i setninga. Men hugs at predikativ beskriv subjektet og står ofte etter desse usjølvstendige verba:

  • vere (Ho var koseleg.)
  • bli (Eg blir sur.)
  • heite (Dei heiter Olsson.)
  • synest (Eg synest det.)
  • kallast (Han kallast Palle.)

Nokre av setningane under har direkte objekt, andre har predikativ. Dra setningane til rett boks.

Vanskegrad 3: Finn adverbiala

Tips

Tips 1: Tid, stad og måte

Adverbial seier ofte noko om tid, stad eller måte:

  • Eg et fort på restauranten i kveld.

  1. "Fort" er eit måtesadverbial. Det seier noko om korleis "eg" et.

  2. "På restauranten" er eit stadsadverbial. Det seier noko om kvar "eg" er.

  3. "I kveld" er eit tidsadverbial. Det seier noko om når.

Tips 2: Sjå etter preposisjonar

Viss du har med ei preposisjonsfrase å gjere, er det eit adverbial. Nokre døme er:

  • i kveld

  • av mamma

  • til kjærasten min

Tips 3: Setningsadverbial

Mange småord er det vi kallar setningsadverbial som kan endre, dempe eller forsterke innhaldet i setninga:

  • Eg kjem ikkje.

    • "Ikkje" er setningsadverbial.

  • Han reiser aldri utanlands.

    • "Aldri" er setningsadverbial.

  • Ho reiser alltid utanlands.

    • "Alltid" er setningsadverbial.

  • Eg har sjølvsagt lese til prøva.

    • "Sjølvsagt" er setningsadverbial.

  • Vi skal kanskje flytte.

    • "Kanskje" er setningsadverbial.

Finn adverbiala i setningane

Vanskegrad 4: Kan du setningsanalyse no?

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 28.05.2026