Oppgave
Eg – ein lesar?!
Likte du at nokon las for deg som barn? Er du glad i å lese sjølv? Når norsklæraren din set romanlesing på timeplanen, er den første reaksjonen din: "Jippi!" eller: “Å nei”? Her kjem det første korte skriveoppdraget ditt: Nokre ord om deg sjølv som lesar.
Lese-erfaringane dine har mykje å seie for kor motivert du er til å kaste deg over nye tekstar. Skriv ein kort tekst på cirka 300 ord der du prøver å seie noko om kva haldningar du har til lesing.
- Kor godt likar du å lese, og kor mykje les du?
- Kva les du? Først og fremst oppdateringar på sosiale medium – eller også aviser, bloggar, biografiar og romanar? Dikt?
- Kva forventningar har du til leseprosjektet du skal i gong med no?
Ta vare på denne teksten. Du vil få bruk for han når du er ferdig med å lese romanen.