Korleis og kvifor blir falske nyheiter spreidde? - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Korleis og kvifor blir falske nyheiter spreidde?

Kvifor er falske nyheiter blitt så aktuelt? Og korleis blir falske nyheiter spreidde? Kan svara ha noko å gjere med dei store endringane som skjer innan media? Og kva har dette med deg å gjere?

«Når et faktum begynner å ligne det du føler er sant, blir det svært vanskelig for noen å sjå forskjellen mellom fakta som er sant og «fakta» som ikke er det. » (Viner, K.)

Ein ny type portvakter sorterer nyheitene for oss

Å vere portvakt vil i mediesamanheng seie å sortere og redigere kva saker og kjelder du får tilgang til. Før i tida var dei tradisjonelle media, som aviser, radio og TV, portvakter for kva nyheiter som vart publiserte. Men i vår tid har sosiale medium vorte den viktigaste nyheitskanalen for deg og meg. Då er det algoritmane som bestemmer kva du og eg får av nyheiter. Det blir styrt av likarklikk og dei delingane vi gjer.

Medievitar Ida Aalen peikar på at det som lettast blir spreidd på nettet, er det som provoserer fram sterke kjensler. Vi blir dessutan mest tiltrekte av det som er i tråd med våre eigne meiningar og kjensler. Dette blir bekrefta av psykologen Daniel Kahneman, som i tillegg seier at vi har ein tendens til å unngå informasjon og fakta som tvingar oss til å undersøkje meir. Vi treng med andre ord hjelp til å kome oss ut av denne informasjonsgrøfta.

Vi stoler på dei som deler

Kven som deler ei sak i sosiale medium, har større betyding for tilliten enn kven som faktisk har skrive saka, ifølgje rapporten «Who shared it?». Vi har altså meir tillit til ei sak delt av ein person vi stoler på, men som er skrive av ei ukjend mediekjelde, enn ei sak som er skriven av ei kjend mediekjelde, men delt av ein person vi ikkje stoler på.

Les rapporten «Who shared it?» frå americanpressinstitute.org.

Når du deler ein nyheitsartikkel, påverkar du samstundes andre til å dele artikkelen vidare. Vi er med andre ord ikkje passive lesarar på sosiale medium, vi er også ambassadørar som igjen har innverknad på truverdet til mediet i dei sosiale nettverka våre. Jo fleire som deler og kommenterer ei nyheit, jo meir robust blir historia, seier professor Vincent F. Hendricks til forskning.no. Dette skaper ein illusjon om at historia er god og viktig, men det vil jo ikkje nødvendigvis seie at ho er sann.

Korleis blir falske nyheiter spreidde?

Falske nyheiter blir spreidde gjennom mange ulike kanalar. Her er dei viktigaste:

  • gjennom sosiale medium
  • via søkjemotorar som Google
  • via ulike nettforum
  • via redaksjonelle medium som aviser, TV og radio

Dramatiske hendingar skaper behov for informasjon

Når det skjer dramatiske hendingar, har folk eit enormt behov for rask og rett informasjon. Journalistar har innarbeidd rutinar for faktasjekking i slike situasjonar. Men i sosiale medium spreier informasjonen seg raskt utan dei kjeldekritiske filtra som journalistar har.

Vi ser gjerne etter gode historier eller lyspunkt, og vi vil gjerne dele fine og sterke symbolhandlingar når vi blir tomme for ord. I kampens heite er det lett å dele noko som ikkje stemmer, og feilinformasjon får massiv og uhindra merksemd.

Eit eksempel på dette er det som skjedde i samband med den dramatiske terrorhandlinga i Paris i november 2015. I starten dukka det opp ein god del korrekt og god informasjon i sosiale medium, men etter kvart vart Twitter full av feilinformasjon. Over 10.7 millionar tweets vart publiserte dei to første dagane etter terrorhandlinga. Mange av desse var falske. Kanskje var du sjølv ein av dei som var med på å spreie desse falske nyheitene?

Det same ser vi i samband med covid-19 pandemien. Bilete og råd om covid-19 viruset fra tilsynelatande velkjente internasjonale organisasjonar som UNICEF blei spreidde på sosiale medium som Facebook og Twitter. Blant råda som blei gitt, var å ete iskrem og annan kald mat, gurgle varmt vatn med salt og å bli eksponert for sol i minst 2 timar, for å unngå å bli smitta eller drepe viruset.

Så kva kan du gjere i slike tilfelle, før du eventuelt deler og er med på å spreie nyheitene vidare? Jo, du kan sjekke nyheitsbyrå som Bellingcat, som berre jobbar med å faktasjekke innhald frå sosiale medium og gravande folkejournalistikk. Eller du kan gå til offisielle nettsider som Folkehelseinstituttet eller Helsedirektoratet, når det gjelder Covid-19 viruset.

Bellingcat

Folkehelseinstituttet

Helsedirektoratet

Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2022