Korleis bruke sitat i sakprosa?

Oppgåve
I denne oppgåva skal vi sjå på korleis du kan bruke sitat frå både skjønnlitteratur og sakprosa for å gjere eigne sakprosatekstar meir kreative.
Del 1: Sjå på døme
Les dei to avsnitta under som bruker sitat frå songtekstar. Kva synest du sitata tilfører tekstane?
Tekst 1: Avsnitt i debattinnlegg om religionen si stilling i dag
"For det er sjukt dette med å si, at Gud setter oss fri / Jeg utsetter å si at du ser på en muslim / til jeg allerede har gjort inntrykk", syng Karpe Diem om det å tru på ein gud i dag. Sitatet reflekterer godt den utviklinga det moderne Noreg har hatt: Vi er mindre religiøse enn før, og det å innrømme tru styrkjer ikkje statusen din. Rett nok meiner nok Karpe Diem at muslimar er spesielt utsette for andre sine nedverdigande blikk, men òg den tradisjonelle religion i Noreg, kristendommen, går i motbakke. Færre og færre trur på Gud og Jesus. Ja, faktisk kan det vere flautt å innrømme at ein trur på slike gamle skikkar. Eller som Ida Marie Gilbert skriv det i kronikken "Flaut å være kristen": "Jeg snur Bibelen når vi får gjester. Det er enklest sånn."
Tekst 2: Fagartikkel om ungdom og press
Men kanskje er ikkje krava for høge? Kanskje er det ungdommen som forventar for mykje? Eller som diktaren Kolbein Falkeid skriv i diktet "VII": "Men hvem sa at dagene våre / skulle være gratis? / At de skulle snurre rundt / på lykkehjulet i hjertet vårt / og hver kveld /stoppe på gevinst?" Falkeids poeng er at livet ikkje er ein dans på roser. Vi må rekne med motgang, og vi må rekne med å jobbe hardt om vi ønskjer å oppnå noko. Dette perspektivet kan det verke som om mange unge i Noreg i dag har gløymt.
Del 2: Skriv eit avsnitt med skjønnlitterær kjelde
Anten: Skriv eit avsnitt om eit valfritt emne. Finn sitat frå dikt eller songtekstar som du synest er gode for å få fram poenget ditt.
Eller: Skriv eit avsnitt om eitt av emna under. Du finn tips til dikt eller songtekstar du kan bruke i avsnittet. Tekstane finn du på internett. Vel blant emna
- dårleg åtferd, såkalla "trolling" i kommentarfelta på internett (tips til songtekst: "Lett å vere rebell i kjellerleiligheten din" av Karpe Diem)
- samisk utanforskap (tips til songtekst: "Krigstrommer" av den samiske rapparen Slincraze)
- kritikk av norsk klimapolitikk (tips til songtekst: "Hei Erna" av Jon Olav)
- klasseforskjellar og styresmaktene sin manglande viljen til å gjere noko med dei (tips til songtekst: "Budskapet" av Timbuktu – teksten som fekk Sveriges statsminister til å rappe eit motsvar)
- norsk flyktningpolitikk (tips til songtekst: "Menneska" av Marthe Valle)
mobilavhengnad (tips til dikt: "Mayday" av Lars Saabye Christensen)

Del 3: Skriv eit avsnitt med sakprosakjelde
Utdraget under høyrer til ein fagartikkel om generasjonsforskjellar.
- Kva synest du sitatet tilfører avsnittet?
- Skriv eit avsnitt som argumenterer for at det ikkje er ungdomsgenerasjonen som er uansvarleg, men foreldregenerasjonen. Årsaka er at foreldregenerasjonen ikkje tek tak i miljøproblema. Finn eit sitat du synest kan få fram dette. Til dømes kan du bruke Greta Thunbergs tale i FN.
Dere svikter oss. Men de unge begynner å forstå sviket deres. Alle fremtidige generasjoners øyne er rettet mot dere. Og hvis dere velger å svikte oss, sier jeg: Vi vil aldri tilgi dere (Thunberg, 2019).
Relatert innhald
Songteksten og musikkvideoen til "Menneska".