Kva er sakprosa?
Kvifor er sakprosatekstar viktige?
Sjå filmen (lengde 8:11) med Johan Tønnesson, professor i sakprosa.
Omgrepet prosa
Ordet prosa er henta frå latin, der orátio prósa tyder "likefram tale", det vil seie tale utan fast rytme, rim og strofer.
Omgrepa saktekst og sakprosa blir ofte brukte om kvarandre, men saktekstomgrepet har ei litt vidare tyding: Saktekst dekker både munnlege, skriftlege og samansette tekstar, mens sakprosa først og fremst blir brukt om tekstar der skrifta speler ei viktig rolle.
Funksjonell og litterær sakprosa
Sakprosatekstane kan vi dele inn i to hovudgrupper: funksjonell sakprosa og litterær sakprosa.
Funksjonell sakprosa
Til den funksjonelle sakprosaen reknar vi alle brukstekstane vi møter i kvardagen og i samfunns- og yrkeslivet. Desse tekstane har gjerne ein heilt konkret, praktisk funksjon: Branninstruksen fortel oss kva vi skal gjere dersom det brenn i eit bygg, bilreportasjen informerer oss om nye bilar på marknaden, og matoppskrifta hjelper oss å lage ein ny matrett. I mange tilfelle er det uviktig kven som har skrive teksten. Det som tel, er at teksten gjer jobben sin, at han fungerer etter formålet.
Nokre døme på funksjonell sakprosa:
Litterær sakprosa
Litterær sakprosa er sakprosatekstar som er skrivne av namngitte forfattarar som vender seg til offentlegheita. Denne typen sakprosa finn vi som oftast i bøker og tidsskrift, men av og til òg i andre massemedium. Døme på litterær sakprosa er essay, kåseri, biografiar, reiseskildringar og artiklar om ulike emne.
To døme på litterær sakprosa:
Vi forventar ikkje at vi skal ha direkte praktisk nytte av ein litterær sakprosatekst, men vi har sjølvsagt forventningar til lesinga. Vi ønsker kanskje å lære meir, vi vil vite kva andre tenker, vi vil glede oss over godt språk eller rett og slett bli underhaldne. Verkelegheita kan ofte vere minst like spennande som fantasien!
Kort oppsummert
Omgrepa saktekst og sakprosa blir ofte brukte om kvarandre, men:
Saktekst omfattar både munnlege, skriftlege og samansette tekstar.
Sakprosa viser fyrst og fremst til skrivne tekstar.
Funksjonell sakprosa
Brukstekstar med praktisk føremål (til dømes branninstruks, matoppskrift, bilreportasje). Det viktigaste er at teksten fungerer, ikkje kven som har skrive han.
Litterær sakprosa
Tekstar skrivne av namngjevne forfattarar retta mot offentlegheita (til dømes essay, kåseri, biografiar, reiseskildringar, artiklar).




