Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Kva er kåseri og petit?

Kåseri og petit er to sjangrar som har mykje til felles. Begge er korte, dei skal underhalde, og dei skal vere godt skrivne.

Kåseri

Ordet kåseri kjem av fransk "causerie", som betyr "lett, ledig samtale". Kåseriet var då òg opphaveleg ein munnleg sjanger – ein danna, lett samtale om litteratur, filosofi og kunst.

Den første som brukte ordet kåseri om skriftlege tekstar, var den franske kritikaren Charles-Augustin Sainte-Beuve (1804–1869). Kåseria hans var forfattarportrett med litteraturkommentarar. Etter kvart blei kåseri ei sjangernemning for lette, populariserande aviskommentarar om vitskap og kunst, med eit visst munnleg og samtalande preg.

Kåseriet er ein dagsaktuell bagatell, mindre innhaldsrikt enn essayet, og sjeldan kontroversielt.

Sakprosaforskar Ottar Grepstad

Petit

Dei trykte kåseria blei òg kalla petitar (fransk for liten), på grunn av skrifttypen som desse tekstane blei trykte med. I dag bruker vi framleis nemninga petit på korte, kåserande tekstar i aviser, mens vi ofte bruker kåseri om den munnlege varianten, til dømes i radioen, i revyar og standup-show.

I skulesamanheng kallar vi òg skriftlege tekstar i denne sjangeren for kåseri. Meir presist burde vi kanskje ha kalla dei for manus til eit kåseri.

Sakleg innhald – leikande språk

I eit kåseri skriv forfattaren om den verkelege verda – emnet er som oftast kvardagsleg eller dagsaktuelt. Språket derimot er prega av eit leikande og utforskande forhold til dette emnet. Ein kåsør kan leike med ord og uttrykk og alle slags språklege verkemiddel.

Humor og ironi

Emnet skal behandlast på ein lett og humoristisk måte. Derfor blir ironi eit viktig verkemiddel, og kåsøren bruker generaliseringar, overdrivingar, underdrivingar og andre verkemiddel som har ein humoristisk effekt.

Munnleg tone

I tillegg held kåsøren ein lett og munnleg språktone, til dømes gjennom enkel setningsbygnad, kvardagslege ord og uttrykk, eller slang.

Personleg og subjektivt

Eit anna typisk trekk ved kåseriet er den personlege tonen i teksten. Forfattaren er synleg, bruker gjerne eg- eller vi-form, og vender seg ofte direkte til mottakaren. Det er òg vanleg at kåsøren tydelig viser at hen har personlege synspunkt om emnet hen tek opp.

Litt meir enn underhaldning

Ein god kåsør har fleire formål med teksten sin: Hen vil underhalde, men òg vekke ettertanke, og derfor er både form og innhald viktige. Målet er gjerne å få lesaren til å sjå på ei sak med eit nytt og skeivt blikk.

Kåseri: lett, underhaldande foredrag

Petit: kåserande avisartikkel. Nemninga kjem av at stoff av mindre høgtideleg innhald tidlegare oftast blei trykt med skriftgraden petit.

Kjelde: Store norske leksikon

Kjelder

Kåseri. (u.å.). I Store norske leksikon. Henta 22. mai 2020 frå https://snl.no/k%C3%A5seri

Petit (avisartikkel). (u.å.). I Store norske leksikon. Henta 22. mai 2020 frå https://snl.no/petit_-_avisartikkel

Skrive av Jorunn Øveland Nyhus og Heidi Mobekk Solbakken.
Sist oppdatert 17.11.2025