Forteljeteknikk i teikneseriar - Smeden og bakaren som teikneserie - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Forteljeteknikk i teikneseriar

Oppgåve

Smeden og bakaren som teikneserie

Smeden og bageren er ei humoristisk forteljing i verseform, skriven av Johan Herman Wessel på slutten av 1700-talet. Forteljinga blei seinare illustrert av Theodor Kittelsen som ei form for teikneserie i "Stomperudstil".

Får du går i gang med oppgåva bør du gjøre deg kjent med forteljinga:

Johan Herman Wessel sin tekst Smeden og bageren

Smeden og Bageren (NRK)

0:00
-0:00
Lyd: NRK, NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Oppgåve 1

Studer forslaget til førsteside til ein moderne teikneserie om Smeden og bakeren.

  • Kva for visuelle verkemiddel brukar teiknaren for å formidle det som skjer?

Oppgåve 2

Samanlikn det visuelle uttrykket i Theodor Kittelsens illustrasjonar til Smeden og bageren med den moderne versjonen.

  • Kva er likt?
  • Kva er forskjellig?

Oppgåve 3

Lag deretter biletmanus til anslaget i ein teikneserie eller ein teiknefilm med utgangspunkt i forteljingaSmeden og bakeren der du sjølv vel visuell profil.

Skrive av Jostein Saakvitne. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 28.06.2018

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Forteljeteknikk i teikneseriar

Gå til faget: Norsk (SF vg1)

Gå til emne: Samansette tekstar