Biletutsnitt
Det er vanleg å bruke seks ulike nemningar på biletutsnitt:
- Ultratotal (UTOT)
- Heile fokuspunktet og omgivnadene rundt blir viste. Fotograferer du ein person, vil biletet vise heile personen og kva omgivnader personen er i.
- Total (TOT)
- Dette utsnittet inneheld heile fokuspunktet eller personen frå topp til tå. Utsnittet framhevar personen(e) og er mindre fokusert på omgivnadene.
- Halvtotal (HTOT)
- Biletutsnittet halvtotal viser halve fokuspunktet. Ein person vil visast omtrent frå livet og opp, eventuelt til og med hendene.
- Halvnær (HNÆ)
- Personen blir vist med hovudet og skuldrer, omtrent ned til armholene eller øvste del av brystet.
- Nær (NÆ)
- Hovudet og eventuelt halsen fyller biletet. Skuldrene er vanlegvis utelatne. Biletutsnittet nær er vanleg å bruke i portrett.
- Ultranær (UNÆ)
- Eit ultranært utsnitt går endå tettare på motivet enn utsnittet nær. Det fokuserer ofte på ein detalj i motivet, til dømes auge eller munn.

Tenk etter
Studer bileta over.
Kva utsnitt ville du valt for eit bilete til ein reklame for ein klesdesignar?
Kva utsnitt ville du valt for eit bilete til ein reklame for hårfrisyrane i haust?
Kva utsnitt ville du valt for eit bilete til ein reklame for augesminke?
Kjennskap til ulike biletutsnitt er viktig for alle som jobbar med medieproduksjon. Både fotojournalistar, reklamefotografar og bryllaupsfotografar må heile tida medvite velje mellom ulike biletutsnitt når dei fotograferer eit motiv eller redigerer bilete i etterkant. Ein filmprodusent er avhengig av å kunne bruke presise omgrep for å angi korleis ein scene skal filmast. Når du vel eit biletutsnitt, vel du òg eit verkemiddel for å få fram ein bestemd bodskap.
Avstand og nærleik
Ein fotojournalist veit at det trengst eit ultratotalt bilete i ein ulykkesreportasje for at publikum skal kunne få oversikt over omfanget. Men dersom vi skal få sympati for offera, må fotografen gå tettare på motivet.
Som studiofotograf må du gjere medvitne val når du fotograferer ein modell eller eit produkt. Hugs derfor å variere utsnitta dine. Ver kreativ og prøv ut ulike utsnitt og vinklar som gjer at den bodskapen du ønsker å formidle, kjem tydeleg fram.

Biletutsnittet viser eigenskapane til produktet
Medviten bruk av biletutsnitt er avgjerande for bodskapen i ein reklame. Ein reklamefotograf kan til dømes velje å vise produktet i ein bestemd omgivnad, fokusere på ein spennande detalj eller ein relasjon.
Bilete viser alltid eit medvite utsnitt av verkelegheita slik avsendaren ønsker å framstille ho. I ein biletanalyse er det derfor viktig å reflektere over kvifor avsendaren har valt eit bestemt utsnitt.
Som tilskodar på ein fotballkamp tek du inn mange synsinntrykk: spelarane på banen, trenarane på sidelinja, supporterbråk på tribunen, ein far ved sida av deg som kjeftar på sonen sin, flaumlysa som lyser opp himmelen ... Det er dette som er totalopplevinga av å gå på kamp.
Men i lokalavisa dagen etter er det berre ein flik av denne opplevinga som blir vist. Her har redaksjonen valt å brukt eit nærbilete av trenaren som kjeftar på ein spelar. Kanskje ønsker lokalavisa å fokusere på at alt ikkje er som det skal i klubben?
Tenk etter
Kva utsnitt er brukt i dette biletet av Erling Braut Haaland?
Kvifor har fotografen valt nettopp dette utsnittet?
Kva er det vi ikkje ser på biletet?

Relatert innhald
Ei øvingsoppgåve der du skal lage ein kollasj som består av tre ulike biletutsnitt frå same setting.