Forslag til fasit - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Forslag til fasit

Her finn du forslag til svar på dei ulike omsettingsoppgåvene i emnet "Frå bokmål til nynorsk".

Om forslaga

Forslaga våre held seg så nær bokmålsteksten som mogleg. Der ein kan velje mellom ulike former, har vi valt bokmålsnære former. I nokon tilfelle har vi nemnt fleire alternativ. Det første alternativet er da ofte meir bokmålsnært.

Omsettingsøving 1

Omsettingsøving 1, med vekt på substantivbøying
  1. Det er ikkje uvanleg å slite litt med å bøye substantiva på nynorsk.
  2. Mange synest inkjekjønnsorda er utfordrande.
  3. Det finst også menneske som klarer/klarar det heilt greitt.
  4. Dei skriv både “alle menneska” og “fleire verkemiddel” riktig på nynorsk.
  5. Det hadde vore ei morosam utfordring å be alle elevane skrive ei omsetting/omsetjing heilt utan feil på substantiva.
  6. Da/då tenker/tenkjer eg lærarane hadde jubla, elevane hadde vore stolte og foreldra hadde smilt.
  7. Alle dei gode karakterane hadde nok imponert rektoren også.
  8. Kanskje kunne både gutane og jentene fått fleire seksarar på eksamenane sine?
  9. Det ville vore ei betring frå i fjor, da/då snitta i alle klassane/klassene var på under 3.
  10. Men feriane har vi alle godt av, uansett.
  11. Da/då skal vi ha ulike sommarjobbar og tene nok til å besøke/besøkje alle landa i Europa.

Omsettingsøving 2

Omsettingsøving 2, med vekt på e-verb og a-verb

Kommentar til setning B: Du kan også skrive "døra mi", for i nynorsk er eigedomsordet til vanleg ettersett. Men "bankar på mi dør" er eit fast uttrykk, derfor er det greitt med føresett eigedomsord her.

  1. Eg angrar på at eg avslutta forholdet til Kristian.
  2. Viss/dersom/om han bankar på mi dør igjen/att, opnar eg og smiler glad.
  3. Eg dumpar han ikkje ein gong til, men behandlar/handsamar han godt.
  4. Sjølv/jamvel når det stormar som verst, støttar han meg jo, og det klagar eg ikkje på.
  5. Vi deler kanskje ikkje dei same meiningane, men vi prøver.
  6. Vi liker/likar også å reise saman.
  7. I fjor reiste vi til Hellas.
  8. Der bada vi dagen lang, i tillegg til at vi jogga og sykla mykje.
  9. Vi kjøpte koselege suvenirar/minneting, lærte litt gresk og plaga lokalbefolkninga med mange spørsmål.
  10. Dessverre/diverre kranglar vi av og til.
  11. Eg synest at han snakkar veldig mykje, og at han klagar litt for mykje.
  12. Men alle har jo sterke og svake sider.

Omsettingsøving 3

Omsettingsøving 3.1, med vekt på sterke verb

Kommentar til setning I: Det er heilt greitt å skrive hemmelegheit (og ein del andre ord på -heit) på nynorsk. Men dersom du kjenner til eit godt alternativ, bør du vurdere å bruke det i staden (i dette tilfellet: løyndom).

  1. Nå/no sit eg i stolen og les ei bok, samtidig/samstundes som eg skriv notat.
  2. Det er Henrik Ibsen som har skrive boka.
  3. Ho handlar om Hedda Gabler, ei kvinne som tar/tek livet sitt.
  4. Eg kjem ikkje til å legge/leggje ho frå meg før eg ligg i senga i kveld.
  5. Boka driv meg til vanvidd, for ho er så spennande/spanande!
  6. Ho grip verkeleg fatt i noko viktig og kryp inn under huda på lesaren.
  7. Noko av den same spenninga/spaninga finn vi i dramaet Gjengangere.
  8. Boka handlar om ein mann som drikk, om barn som finn ut at gamle sanningar er løgner, og om ein barneheim som brenn.
  9. Fru Alving, ein av hovudpersonane, ber på desse hemmelegheitene/desse løyndom(m)ane aleine i mange år, men til slutt fortel ho alt.
Omsettingsøving 3.2, med vekt på sterke verb

Kommentar til setning C: "Farens underskrift" blir til "underskrifta til faren" på nynorsk. S-genitiv bruker vi helst berre ved namn.

  1. I fjor las eg eit anna drama av Ibsen.
  2. Det heiter Et dukkehjem og tar/tek også for seg ei kvinne som har bore på ei hemmelegheit/ein løyndom.
  3. Nora Helmer forfalska underskrifta til faren da/då ho skreiv under på eit gjeldsbrev for å låne pengar.
  4. Nora trong pengane fordi mannen hennar, Thorvald Helmer, var sjuk og måtte ha behandling i utlandet.
  5. Kvinner kunne ikkje låne pengar på den tida, og faren til Nora/far til Nora låg for døden.
  6. Nora let som om pengane kom frå faren hennar/far hennar. (Verbet kan også skrivast lét, men du kan fint skrive det uten aksent.)
  7. Helmer fekk ikkje vite kva Nora hadde gjort.
  8. Ho gjekk i fleire år og heldt på hemmelegheita/løyndommen, samtidig/samstundes som ho betalte ned på lånet litt etter litt.
  9. Til slutt las Helmer eit brev som avslørte kva Nora hadde gjort.
  10. Helmer tenkte først og fremst på skandalen som kom til å ramme dei, og Nora var forferdeleg skuffa over reaksjonen hans.
  11. Det enda med at Nora forlet mann og barn. (Verbet kan også skrivast forlét, men du kan fint skrive det uten aksent.)

Omsettingsøving 4

Omsettingsøving 4, med vekt på personleg pronomen og eigedomsord

Kommentar til setning B: Du kan velje om du skriv hyggeleg med eller utan j. Vel den forma som liknar mest på det du seier sjølv.

  1. I går møtte eg kona di.
  2. Ho var ei hyggeleg/hyggjeleg dame.
  3. Kvar/kor var det de traff kvarandre, eigentleg?
  4. Det slo meg at de to er ganske ulike.
  5. Kona di hadde med seg den vesle dottera dykkar/dokkar.
  6. Eg synest ho har arva håret hennar.
  7. Men ho har arva auga/augo dine, det kunne eg sjå.
  8. Forresten, eg såg dykk/dokker tre i byen for ei veke sidan.
  9. De/dokker gjekk saman med naboane frå nummer ti.
  10. Dei hadde med seg hunden sin.
  11. Eg tenkte å helse på dykk/dokker da/då, men dottera mi ville helst berre gå vidare.
  12. Det hadde vore hyggeleg/hyggjeleg om vi kunne gå tur saman ein gong.
  13. Kan de/dokker ikkje ringe oss?

Omsettingsøving 5

Omsettingsøving 5, med vekt på bestemmarord og genitiv

Du kan skrive om genitiv-uttrykka på mange ulike måtar. Spør læraren din dersom du har skrive noko anna enn det vi foreslår her og er i tvil om det du har skrive er rett.

Kommentar til setningane F, J og K

Omskriving med sin passar dårleg her fordi det ikkje er snakk om noko klart eigeforhold. Ei bygd, ein by eller ein gard kan strengt tatt ikkje eige noko.

Kommentar til setningane C og J

Verbet å bli kan vi bruke i både bokmål og nynorsk. I nynorsk har vi dessutan eit alternativ, nemleg verbet å verte. Dei to verba blir brukte på nøyaktig same måten. Seier du å bli i dialekten din, er det lurt å bruke dette verbet også når du skriv nynorsk.

  1. Dagny og Gunnar bur på ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
  2. Dei har ikkje straum og ikkje innlagt vatn, berre vegsamband til nabobygda.
  3. Eg spurde Dagny om ho hadde noka aning om kor lenge dei ville bli/verte buande.
  4. Ho svarte/svara at ho ikkje kunne tenke/tenkje seg noko anna liv.
  5. Gunnar kunne heller ikkje tenke/tenkje seg å bu nokon annan stad.
  6. Framtida for garden var likevel dyster, meinte han.
  7. “Vi har to søner og ei dotter, men ingen av dei har planar om å bu her.
  8. Dei vil ikkje bu nokon annan stad enn i Oslo.
  9. Men inga/ikkje noka bygd kan overleve utan nokon unge folk.
  10. Innbyggarane/innbyggjarane i bygda er i ferd med å bli/verte gamle, men ungdommen/ungdomen har andre draumar.
  11. Dei vil nyte godt av tilboda og fasilitetane i byen."

Omsettingsøving 6

Omsettingsøving 6, med vekt på j-verb, st-verb og spørjeord

Kommentar til setning D: Du kan skrive kva motiv, kva for motiv eller kva for nokon/nokre motiv. Det aller enklaste er å bruke kva eller kva for.

  1. – Kva synest du vi kan krevje av arbeidstakarane?
  2. – Eg krev at det skal finnast ein vilje til å venje seg til nye krav.
  3. Ein kan jo spørje seg kva (for) motiv dei har for å jobbe her, når dei ikkje vil følge/følgje med på den digitaliseringa som vi alle veit er i ferd med å skje i samfunnet.
  4. Men mange av dei finst ikkje interesserte i denne endringa, sjølv/jamvel om eg spurde dei om dette på jobbintervjuet.
  5. I går sette eg for eksempel/til dømes Gunnar til å selje dei nyaste pc-ane på marknaden.
  6. Korleis trur du det gjekk?
  7. Han valde å krevje plassen på kontoret tilbake.
  8. Han hadde nemleg ikkje kunnskapar nok til å fortelje kundane kva for ei/ein maskin dei skulle eige.

Omsettingsøving 7

Omsettingsøving 7, med vekt på aktiv seiemåte og an-be-heit-else-ord

Setningane i denne øvinga kan omsettast på mange ulike måtar. Her kjem det nokon forslag.

  1. Du må lære deg nye omgrep når du førebur deg til eksamen.
    Vi må lære oss nye omgrep når vi førebur oss til eksamen.
    Ein må lære seg nye omgrep når ein førebur seg til eksamen.
  2. Til å begynne med ...
    Til å byrje med ...
    I byrjinga …

    … vil du oppleve dette som vanskeleg, og tolmodet (ditt) blir sett på prøve.
    … vil vi oppleve dette som vanskeleg, og tolmodet (vårt) blir sett på prøve.
    … vil dette opplevast som vanskeleg, og tolmodet blir sett på prøve.
  3. Men verkelegheita er nå/no eingong slik:
    Men røynda er nå/no eingong slik:
    Men røyndommen/røyndomen er nå/no eingong slik:

  4. Det vil vere ei svakheit ved eksamensoppgåva ...
    Det vil vere ein veikskap ved eksamensoppgåva ...

    ... viss/dersom du/ein ikkje viser desse ferdigheitene.
    ... viss/dersom du/ein ikkje viser desse dugleikane.

  5. Årsaka er ...
    Grunnen er ...
    Det kjem av ...

    ... at truverdet ditt blir svekt når du ikkje bruker fagspråk.
    ... at du får svekt truverd når du ikkje bruker fagspråk.
    ... at du framstår som mindre truverdig når du ikkje bruker fagspråk.

  6. Da/då vil du ikkje vere i nærleiken av ein toppkarakter.
    Da/då vil du vere langt unna ein toppkarakter.
  7. Beklagar å måtte seie dette, ...
    Beklagar at eg må seie dette, ...

    ... men ærlegdom/ærlegskap varer/varar lengst.
  8. Eg veit ikkje om eg kan påverke kva du skal gjere framover, ...
    Eg veit ikkje om eg har nokon innverknad på avgjerdene dine framover, ...
  9. … men eg kan forsikre deg om ...

    ... at du ikkje bør tvile på det eg seier!... at denne skildringa av røynda/røyndom(m)en er korrekt.
    … at denne skildringa av røynda/røyndom(m)en ikkje bør trekkast/trekkjast i tvil.
    … at du ikkje bør trekke denne skildringa av røynda/røyndom(m)en i tvil.
  10. Lykke til!/Lukke til!
Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2019