Oppgave
Er mennesket verdt meir enn dyr?
Les tekstar med ulike syn på mennesket og naturen. Er mennesket ein del av naturen, eller står vi og behova våre over han? Undersøk argumenta, diskuter problemstillingane og reflekter over kva slags konsekvensar dei ulike ståstadene kan ha.
- Kva betyr omgrepsparet økosentrisk og antroposentrisk? Leit i gode kjelder og diskuter med ein medelev for å bli einige om ein lettfatteleg definisjon.
- Kan du bruke desse omgrepa til å gi ulike svar på spørsmålet om menneske og dyr er like mykje verde?
- Les kronikken på NRK.no: Mennesker er alltid mer verdt enn dyr. Kva slags syn på spørsmålet om menneske og likeverdet til dyr finn du her? Er nokon av desse synspunkta antroposentriske eller økosentriske?
- Les innlegget på NRK.no: Ropstad får kjeft etter utspill om miljøbevegelsen Kva slags syn på spørsmålet om menneske og likeverdet til dyr finn du her? Er nokon av desse synspunkta antroposentriske eller økosentriske?
- Lag ei oversikt over dei ulike standpunkta eller posisjonane de finn i tekstane til problemstillinga: Er mennesket og dyra likeverdige? Kva er argumenta som blir brukte for å grunngi dei ulike standpunkta til denne problemstillinga?
- Gå saman i gruppene og vurder argumenta. Er dei saklege og haldbare? Appellerer dei til kjensler eller felles verdiar? Bruk gjerne sjekklista under for å undersøkje argumenta.
- Kva meiner deltakarane i debatten blir konsekvensane av ståstaden til motstandaren i denne saka?
Relatert innhald
Fagstoff
Sjekkliste: Vurder argumentaBruk denne sjekklista i arbeidet med å vurdere argument i ein debatt eller ein tekst.
Ta eit standpunkt til spørsmålet om menneske og dyr er like mykje verd og fest ein post-it-lapp med standpunktet på deg sjølv. Gå rundt i klasserommet og finn nokon som er ueinige med deg i klassen.
Så skal du diskutere eitt eller fleire av desse temaa med dei som har motsett ståstad om forholdet mellom menneske og dyr enn deg:
- dyreforsøk i medisinsk forsking
- vindkraft
- vegansk kosthald
- abort
- økologisk mat
- pandemiar
- Diskuter etterpå i klassen om korleis desse ulike ståstadene påverka kva de meinte om dei ulike temaa.
- Kvifor kan det vere nyttig å sjå nærare på kva som ligg bak standpunkta i ei slik sak?
- Kan de bruke noko av det de har lært her, når de diskuterer og jobbar med temaet berekraftig utvikling i framtida?