Vurder kjeldene - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Vurder kjeldene

Kjeldekritikk handlar om å kvalitetssikre den informasjonen du får frå ei munnleg eller skriftleg kjelde, før du tar ho i bruk. Det handlar òg om å avsløre bevisst desinformasjon og ikkje bidra til å spreie slik informasjon vidare.
Video: Odd Magne Myre / CC BY-SA 4.0

I skulearbeidet er du avhengig av å bruke pålitelege kjelder som har greie på det dei uttaler seg om. Det gjeld både kjelder du søkjer opp på internett eller på biblioteket, og personar du bruker som munnlege kjelder.

Slik kan du vurdere kvaliteten på kjelda

Når du jobbar med kjelder, må du vurdere kva kvalitet dei har. Er kjelda truverdig? Er kjelda nøytral? Har kjelda kunnskap om det du treng svar på?

TONE står for fire viktige nøkkelord som du kan bruke når du skal vurdere ei informasjonskjelde:

  • Truverdig: Er kjelda sikker?
    Objektiv: Er kjelda nøytral?
    Nøyaktig: Finn du slurv og juks?
    Eigna: Kan du finne dei svara du treng?

Nettsøk

Internett flyt over av informasjon. Søkjemotorar som Google er laga for å hjelpe oss med å finne den informasjonen vi er på jakt etter. Dei fleste av oss er ikkje flinke nok til å bruke søkjemotorane effektivt. Ofte får vi for mange treff, og treffa er ikkje like relevante. Derfor er det viktig å forstå kva ein søkjemotor er, og korleis han fungerer. I nokre tilfelle finst det likevel ein enklare veg til målet. I nettleksikon og på offentlege nettsider kan du raskt finne informasjon av høg kvalitet.

Falske nyhende

Falske nyhende, propaganda og desinformasjon har alltid vore, og er framleis, eit viktig våpen i krigar og konfliktar. Som brukar av sosiale medium kan du faktisk vere den som bidreg til at falske nyhende blir spreidde via «liker» eller deling. Men som bevisst kjeldekritikar kan du òg sørgje for å avsløre kjelder og stoppe spreiinga av falsk informasjon.

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er falske nyheiter?

Vi ser på definisjonar av omgrepet falske nyheiter og døme på ulike former for usann informasjon.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2020